Hosea 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Profeten skal forkynna at fiendar skal koma yver Israel, for di hev brote pakti med Herren; fåfengt skal det i naudi halda fram at det kjenner han. Det hev teke seg kongar utan hans vilje og havt gullkalvar til gudar og med alt dette ført store straffedomar yver seg. Det hev freista å vinna velvilje hjå heimsmakti og skal difor leva millom heidningane og vera eit vanvyrdt, fåment og trælka folk. Det hev vanvyrdt Guds bod og bygt seg mange altar; Herren hev ikkje hugnad i deira kjøtlege offer og skal gjeva dei yver til den gamle trældomen, 1-13. Slotti og borgene som Israel og Juda i sitt ovmod hev bygt seg, skal verta øydde, 14.
1Set luren til munnen din! - Som ein ørn kjem fienden yver Herrens hus, av di dei hev brote pakti med meg og forsynda seg mot mi lov.
2Dei skal ropa til meg: Min Gud! Me, Israel, kjenner deg.
3Men av di Israel hev støytt frå seg det som godt er, skal fienden elta han.
4Dei hev valt seg kongar, som ikkje kom frå meg, dei hev teke seg hovdingar, og eg fekk ikkje vita um det. Av sylvet og gullet sitt hev dei gjort seg gudebilete, so dei skulde verta utrudde.