Jeremia 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Ei fråskild kvinna som hev gift seg uppatt, kann etter lovi ikkje ganga attende til fyrste mannen; sameleis med folket: etter det hev vendt seg til andre gudar, vil ikkje Herren taka det til nåde att, sidan det trass i all tukt held ved med fråfallet, 1-5. Juda, som hev set korleis Herren hev støytt Israel frå seg for avgudsdyrkingi skuld, hev ikkje late seg vara, men berre låst som dei vende seg frå avgudsdyrkingi, 6-10; med det hev det synt at det er meir ugudleg enn Israel, 11. Herren manar no Israel til å venda um til han; då skal han taka det til nåde att, føra heim att leivningen av det, gjeva det rette hyrdingar og gjera ei ny pakt med det, ei som heidningane og skal få lut i, 12-17. Juda og skal då fara heim att or utlægdi saman med Israel, 18. Profeten skildrar korleis Israel, som trass i all Herrens miskunn hev vore sviksamt til no, græt og sannar sitt fråfall frå han, 19-25.
1Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå han og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.
24Men den skamlege avgudsdyrkingi hev ete upp det federne våre streva i hop alt frå vår ungdom, deira sauer og kyr, deira søner og døtter.