1Då tala Herren til Moses og sa:
2Tala til Israels-borni, og få tolv stavar av dei, ein for kvar ætt; av kvar ættehovding skal du få ein stav, og på den skal du skriva namnet hans.
3Og Arons namn skal du skriva på staven åt Levi; for det skal vera ein stav for kvar ættehovding.
4So skal du leggja stavane i møtetjeldet, framfyre vitnemålet, der som eg er van å møtast med dykk.2 Mos 16,34; 25,22
5Då skal han grønkast, staven åt den eg vel ut; so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plagar dykk med.4 Mos 16,5
6So tala Moses til Israels-borni, og hovdingane gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom dei var staven hans Aron.
7Og Moses la stavane ned framfor Herrens åsyn i vitnemålstjeldet.
8Då han so andre dagen kom inn i vitnemålstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast og skote knuppar og sett blom og fenge mandlar.
9Då tok han alle stavane og bar dei ut or heilagdomen og synte dei åt alle Israels-borni, og då dei hadde set dei, tok kvar sin stav.
10Og Herren sa til Moses: Ber Arons stav inn att og legg han fram med vitnemålet! Der skal han gøymast til eit teikn for dei ulydige; og du skal gjera ende på mukkingi deira, so eg slepp å høyra på henne; elles lyt dei døy.Hebr 9,4
11Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt han fyre, so gjorde han.
12Men Israels-borni sa til Moses: Sjå, no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman!
13Kjem nokon innåt - innåt Herrens tabernakel - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.