5. Mosebok 20 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Moses manar folket til å lita på Herren når dei fer ut i strid, 1-4; dei som nyst hev lagt seg til ein eigedom, dei som er nygifte, og dei som er redde, kann fara heim att frå heren, 5-9; han segjer fyre korleis dei skal fara åt når dei kringset og tek ein by, 10-20.

1Når du fer ut i strid mot fienden og ser hestar og vogner og fleire herfolk enn du hev sjølv, so ver ikkje redd dei! Herren din Gud er med deg, han som førde deg upp frå Egyptarlandet.

2Når de stend budde til å ganga i striden, skal presten stiga fram og tala til folket

3og segja: Høyr, Israel! I dag stend de budde til å ganga i strid mot fiendane dykkar! Tap ikkje modet! Ver ikkje redde eller hugfalne eller forstøkte!4 Mos 14,9

4For Herren dykkar Gud gjeng sjølv med dykk og vil strida for dykk mot fiendane og hjelpa dykk.2 Mos 14,13

5So skal tilsynsmennene tala til folket og segja: Er her nokon som hev bygt seg nytt hus, men endå ikkje vigsla det, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan vigsla huset.

6Og er her nokon som hev planta ein vinhage, men endå ikkje havt noko gagn av han, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan hausta hagen.

7Og er her nokon som hev fest seg ei brur, men endå halde brudlaup, då kann han fara heim att, so skal falla i striden og ein annan få bruri.5 Mos 24,5

8Dette skal og tilsynsmennene segja til folket: Er det nokon som er redd og hugfallen, då kann han fara heim att, so ikkje brørne hans skal missa modet liksom han sjølv.Dom 7,3

9Og når tilsynsmennene er ferdige med det dei hev å segja til folket, skal de setja hovdingar yver heren.

10Når du gjeng fram mot ein by og vil strida mot han, skal du fyrst bjoda fred.

11Tek dei då imot tilbodet og opnar portane for deg, so skal alt folket i byen arbeida for deg og vera tenarane dine.

12Vil dei ikkje gjera fred, men vil stridast med deg, so skal du kringsetja byen;

13og når Herren din Gud gjev han i dine hender, skal du hogga ned alle karmenner;

14men kvinnone og borni og bufeet og alt anna som finst i byen, alt herfanget, kann du eigna til deg, og du kann nøyta herfanget du tek frå fiendane, og som Herren din Gud hev gjeve deg.

15Soleis skal du gjera med alle byar som ligg langt burte og ikkje høyrer desse folki til.

16Men i dei byane som høyrer desse folki til, og som Herren din Gud gjev deg til odel og eiga, der skal du ikkje spara eit einaste liv.Jos 10,40; 11,11.14

17Du skal bannstøyta dei, både hetitane og amoritane og kana'anitane og ferisitane og hevitane og jebusitane, soleis som Herren din Gud hev sagt deg fyre;5 Mos 7,1-5

18elles kunde dei læra dykk å taka etter alt det stygge dei sjølve hev gjort til æra for gudane sine, og då vilde de synda mot Herren dykkar Gud.

19Når du hev kringsett ein by og lyt liggja der lenge og strida mot han fyrr du fær teke han, so skal du ikkje skamføra trei som veks der, og skadehogga dei med øksi. Du kann eta av dei, men du skal ikkje hogga dei ned. Trei på marki er då ikkje folk, so du tarv stridast med dei og?

20Men dei trei som du veit ikkje ber etande frukt, dei kann du øyda og hogga ned og byggja kringsetjingsverk av mot byen du ligg i strid med, til han lyt gjeva seg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help