Domarane 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Efra'imitane mukkar mot Gideon, men han talar dei til rettes, 1-3. Folket i Sukkot og Pnuel vil ikkje gjeva mennene åt Gideon mat, 4-9. Han fangar tvo midianitarkongar og vinn yver heren deira, 10-12, straffar folket i Sukkot og Pnuel, 13-17, drep dei tvo midianiterkongane, 18-21, vil ikkje vera konge yver Israel, men bed dei um ei gåva og fær laga ein messehakel, som han set upp i Ofra, og som Israel dyrkar som ein avgud, 22-29. Borni åt Gideon og avferdi hans; Israel syndar mot Herren og vantakkar Gideons-ætti, 30-35.

1Efra'ims-mennene sa til Gideon: Korleis er det du hev fare åt imot oss? Kvifor sende du ikkje bod etter oss då du tok ut i striden mot midianitane? Og dei tok kvast på han.

28Soleis laut midianitane bøygja seg under Israels-borni og vann ikkje reisa hovudet meir, og sidan hadde landet ro i fyrti år, so lenge som Gideon levde.

29So for Jerubba'al Joasson heim att til garden sin og vart buande der.

30Gideon hadde sytti søner som var hans eigne born; for han hadde mange konor.

31Med fylgjekona si i Sikem fekk han og ein son og kalla han Abimelek.

32Gideon Joasson døydde i høg alder og vart nedsett i gravstaden åt Joas, far sin, i Ofra, bygdi åt Abieser-ætti.

33Då Gideon var burte, tok Israels-borni atter til å halda seg med Ba'alane og gjorde Ba'al-Berit til guden sin.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help