Jesaja 41 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Herren talar til heidningane um det vitnemålet um sin guddom som han hev gjeve med di han hev sendt ein sigerrik konge (Kyros), som heidningfolki reddast for, endå dei freistar å moda kvarandre upp, 1-7. Men Israel, som han so vendar seg til, er hans utvalde folk og tarv ikkje ottast, for han, deira Gud, skal tyna fiendane og fria folket ut or ulukka, 8-20. Til slutt vender Herren seg til avgudane og bed dei syna at dei er allmektige og allvitande, so som han sjølv hev gjort med di han sende den sigerrike kongen og varsla fyreåt at han skulde koma; men dei kann ikkje, og med det syner dei at dei er inkjevetta, 21-29.
1Høyr stilt på meg, de øyland! Lat folki få seg ny kraft, lat dei koma hit og so tala! Lat oss fylgjast fram for retten!
3Han elter dei, uskadd fer han ein veg der han aldri fyrr kom med sin fot.
23Seg frå kva som sidan skal koma, so me kann sjå at de er gudar! Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt, so me kann sjå det alt med undring!