Daniel 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I fyrste styringsåret åt Darius frå Media legg Daniel merke til at det lid med dei 70 åri Jerusalem etter Jeremias' spådom skal liggja i øyde, 1.2. Han vender seg difor i bøn til Herren; han sannar Israels store synd, som det med full grunn hev fenge straff for, og bed han inderleg at han snart må løysa det ut og byggja upp att Jerusalem og heilagdomen, i samhøve med alt det han i truskap mot pakti si hev gjort imot det til dessa, og for si store miskunn skuld, 3-19. Medan profeten endå bed, kjem engelen Gabriel til han og forkynner han kor lang tid det vil ganga fyrr Jerusalem skal verta uppattbygt og Messias standa fram og døy til soning for syndene åt folket, og at Jerusalem so skal verta lagt øyde ein gong til, 20-27.

1I det fyrste året Darius, son åt Ahasverus, styrde - han som var av medisk ætt og hadde vorte konge yver kaldearriket -

25Og du skal vita og skyna: Frå den tidi då ordet gjeng ut um å attreisa og byggja um att Jerusalem, til dess det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det sju vikor og tvo og seksti vikor lida av; byen skal verta attreist og uppatt-bygd med gator og vollgraver, endå um tidene er tronge.

26Men etter dei tvo og seksti vikone skal han som er salva verta utrudd og inkje hava, og byen og heilagdomen verta øydde av folket åt ein fyrste som kjem, og enden på det er ein storflaum, og alt til enden er det ufred; øyding er urikkeleg avgjord.

27Og EI vika skal gjera pakti fast for dei mange; og når vika er halvlidi, skal slaktoffer og matoffer verta avteke, og på styggedoms venger skal det øydaren koma, og til dess tyning og urikkeleg avgjord straffedom strøymer ned yver den som vert øydelagd.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help