1David sa: Her skal det standa, huset åt Herren Gud, og her skal Israel hava brennofferaltaret sitt.
2So baud han at dei framande som budde i Israelslandet, skulde kallast i hop, og han sette steinhoggarar til å hogga til den steinane som Guds hus skulde byggjast av.
10Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera son min, og eg skal vera far hans, og eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel for all tid.1 Krøn 17,11-13; 2 Sam 7,13-14; 1 Kong 5,5; Hebr 1,5; Sal 89,27
11So vere då Herren med deg, son min! Gjev du må hava lukka med deg og få byggja huset åt Herren din Gud, soleis som han hev tala um deg!
12Berre no Herren vil gjeva deg visdom og vit når han set deg yver Israel, og at du må halda lovi åt Herren din Gud!1 Kong 3,12
13Då kjem du til å hava lukka med deg - når du aktar vel på å leva etter dei bodi og lovene som Herren let Moses kunngjera for Israel. Ver sterk og stød! Du skal ikkje reddast og ikkje fæla.Jos 1,9; 1 Kong 2,2
14Her hev eg med stor møda drege i hop åt Herrens hus hundrad tusund talent gull og tusund gonger tusund talent sylv, og dessutan meir kopar og jarn enn ein kann vega; so mykje er det. Trevyrke og stein hev eg og fenge fram, og meir kann du sjølv leggja attåt.1 Krøn 29,2
15Arbeidsfolk hev du og i flokketal, steinhoggarar og murarar og timbremenner og dertil allslags folk som er kunnige i alle andre slag arbeid.
16Av gull og sylv og kopar og jarn er her so mykje at det ikkje er teljande. So tak då på med verket, og Herren vere med deg!
17So baud David alle Israels hovdingar at dei skulde hjelpa Salomo, son hans, og sa:
18Ser de ikkje at Herren dykkar Gud er med dykk og hev gjeve dykk ro på alle leidar? For dei folki som fyr åtte heime i landet, hev han gjeve i mitt vald, og landet er lagt under Herren og folket hans.1 Krøn 23,25
19So legg no dykkar hjarta og hug på å søkja Herren dykkar Gud, og gjer dykk reiduge og bygg heilagdomen åt Herren Gud, so de kann få flutt Herrens paktkista og dei heilage gognene som høyrer til gudstenesta, inn i det huset som skal byggjast åt Herrens namn!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.