Job 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Pina vert so svær at Job bannar den dagen han vart fødd, 1-10, og ynskjer han hadde døytt med same han kom til verdi; for dei som er avlidne, hev ro og slepp å plagast på jordi, 11-19. Han spør kvifor dei som lid og er sorgtyngde, lyt leva, og klagar sårt for lidingane sine, 20-26.

1Då let Job upp munnen og banna fødedagen sin.

2Job tok til ords og sa:

3Burt med den dag då eg vart fødd, den natt som sa: Ein svein er avla!

21som fåfengt stundar etter dauden og leitar etter han meir trutt enn etter løynde skattar,Op 9,6

22som gled seg, ja, som jublar høgt og fegnast når dei finn ei grav -

23til den som ikkje finn sin veg, som Gud hev stengt for rundt ikring?Job 19,8

24For mine sukkar hev eg no til dagleg brød, og klageropi mine strøymer liksom vatnet.Sal 42,4; 102,10

25For alt eg fæler for, det råmar meg, og det eg gruvar for, det hender meg.

26Fred hev eg ikkje, ingi ro og ingi kvild - ny uro kjem det stødt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help