Jeremia 21 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Medan Jerusalem vert kringsett, sender kong Sedekias tvo høgsette menner til Jeremias og bed at han vil spyrja Herren korleis det skal ganga med byen, 1.2. Profeten svarar at Herren slett ikkje vil berga byen, men gjeva han i hendene på kaldearane og heimsøkja han med sott og svolt og sverd, 3-7. Han råder folket til å gjeva seg yver til kaldearane, so dei kann berga livet, 8-10, og manar kongshuset til å halda uppe retten, so ikkje Herrens vreide skal tyna det, 11.12. Jerusalems-buane meiner at byen ligg slik til at han ikkje kann takast, men dei tek i miss, 13.14.

1Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren då kong Sedekias sende til han Pashur Malkiason og presten Sefanja Ma'asejason og let segja:

2Spør Herren for oss! For Nebukadnesar, Babel-kongen, strider mot oss. Kann henda Herren vil gjera med oss etter alle sine underverk, so han fer burt ifrå oss.

3Då sa Jeremias til dei: So skal de segja til Sedekias:

4So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg snur attende stridsvåpni som er i hendene dykkar, og som de strider med utanfor muren mot Babel-kongen og kaldearane, som kringset dykk, og eg vil samla dei midt i denne byen.

5Og eg vil sjølv strida mot dykk med utrett hand og med sterk arm og med vreide og harm og stor gram.

14Eg vil heimsøkja dykk etter den frukti dykkar verk hev bore, segjer Herren, og setja eld på skogen deira, og han skal øyda alt der rundt ikring.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help