1Herren må de beda um regn i tidi for vårregnet! Herren er det som skaper torever, og han sender fossande flod-skurer, so kvar mann fær grøda på si mark.
3Mot hyrdingane er harmen min kveikt, og bukkane vil eg heimsøkja; for Herren, allhers Gud, ser til si hjord, Judas hus, og gjer henne til stashesten sin i striden.
4Frå det skal hyrnesteinane koma, frå det naglane, frå det stridsbogane - frå det skal kvar einaste styresmann koma.
5Og dei skal vera lik kjempor som trakkar fiendane sine ned i striden nett som gateskarn; ja, strida skal dei, for Herren er med dei, og dei som rid på hestar, skal verta til skammar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.