1Og Herren sa til Moses: Gakk fram for Farao! For det er eg som hev gjort han so hard, både han og tenarane hans, so eg kann få fremja desse teikna mine imillom dei,
2og so du skal fortelja son din og soneson din korleis eg hev fara åt med egyptarane, og kva teikn eg hev gjort hjå dei - so de skal sanna at eg er Herren.
3So gjekk Moses og Aron fram for Farao og sa til han: So segjer Herren, Hebrearguden: Kor lenge skal det vara fyrr du vil bøygja deg for meg? Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
4For trassar du og ikkje let folket mitt fara, so skal eg i morgon senda grashoppar inn i riket ditt.
5Dei skal breida seg ut yver landet, so tett at ein ikkje kann sjå marki, og eta upp kvar einaste grand som de hev att etter haglet, og snøyda kvart eit tre som veks på markene dykkar.
6Og dei skal fylla upp husi for deg og tenarane dine og alle egyptarane, so ikkje federne dine skal ha set slik syn, frå den dag dei vart til på jordi, og til den dag i dag. Dermed snudde han seg og gjekk burt ifrå Farao.
7Då sa hirdmennene til Farao: Kor lenge skal denne mannen vera ei snara for oss? Lat no folki fara, so dei kann tena Herren sin Gud! Ser du ikkje endå at Egyptarlandet vert øydelagt?
8So henta dei Moses og Aron attende til Farao, og han sa til dei: Gakk so av stad då, og ten Herren dykkar Gud! Kor mange er det no som skal fara?
9Moses svara: Me lyt fara alle, både unge og gamle; både sønene og døtterne våre vil me hava med oss, både småfeet og storfeet vårt; for me skal halda høgtid for Herren.
10Då sa han til dei: Herren vere med dykk, so visst som eg let dykk fara burt med borni dykkar! Sjå der um de ikkje tenkjer på vondt!
11Nei, dette vert ikkje noko av! De mennene kann fara og tena Herren; for det var det de bad um! Dermed jaga dei burt frå augo åt Farao.
12Då sa Herren til Moses: Rett handi di ut yver Egyptarlandet, so skal grashoppane koma drivande innyver landet og eta upp all grøda på marki, alt som haglet hev spart.
13So rette Moses staven sin ut yver Egyptarlandet, og Herren sende ein austanvind som stod innyver landet heile den dagen og heile natti; um morgonen kom austanvinden med grashoppane.Sal 78,46; 105,34
14Og grashoppane dreiv innyver heile Egyptarlandet og slo seg ned i heile riket, ein uhorveleg brote; aldri fyrr hadde det vore so mykje med grashoppar, og aldri meir vil det koma.
15Dei la seg utyver heile landet so tett at markene myrkna, og åt upp all grøda på åkrane og all alda på trei som haglet hadde leivt, og det fanst ikkje att namnet av grønt anten på tre eller strå i heile Egyptarlandet.
16Då skunda Farao seg og sende bod etter Moses og Aron og sa: Eg hev synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk.2 Mos 9,27-35
17Kjære vene, gjev til synda mi denne siste gongen, og bed til Herren dykkar Gud at han berre vil taka denne landøyda burt frå meg!2 Mos 8,8
18So gjekk Moses ut att frå Farao og bad til Herren.
19Då vende Herren vinden, so det vart ein ovsterk vestanvind, og den førde grashoppane burt og støytte dei ned i Raudehavet; det vart ikkje att ein einaste grashopp i heile Egyptarriket.
20Men Herren gjorde Farao hard i hugen, so han ikkje let Israels-borni fara.
21Og Herren sa til Moses: Rette handi di upp imot himmelen, so skal det leggja seg myrker yver Egyptarlandet, eit myrker so tjukt at ein kann taka i det.
22So rette Moses handi si upp imot himmelen. Då vart det stumende myrkt i heile Egyptarland i tri dagar.Sal 105,28
23Den eine timde ikkje den andre, og i tri dagar var det ingen som torde reisa seg av sessen sin. Men der Israels-borni budde, der var det ljost alle stader.
24Då sende Farao bod etter Moses og sa: Gakk av held høgtid for Herren! Borni dykkar kann og få vera med; men bufeet, både smått og stort, lyt vera att her.2 Mos 10,10
25Moses svara: Du må då gjeva med oss det me treng til slaktoffer og brennoffer, so me kann ofra til Herren vår Gud!
26Bufeet lyt me hava med oss - ikkje ei klauv må vera att - for det er det me lyt taka av når me skal tena Herren vår Gud; og me veit ikkje kva me skal ofra til Herren fyrr me kjem fram.
27Men Herren herde hugen åt Farao, og han vilde ikkje lata dei fara.
28Og Farao sa til Moses: Gakk ifrå meg! Vara deg! Kom aldri meir for augo mine! For den dag eg ser deg for augo att, skal du døy.
29Moses svara: Det er rett som du segjer; eg kjem aldri meir for augo dine.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.