1Året etter, ved det leitet kongane plar fara i herferd, drog Joab ut med stridsheren og herja Ammonitarlandet. So kom han til Rabba, medan David sat heime i Jerusalem; og Joab tok Rabba og øydela byen.2 Sam 11,1; 12,26
2Og David tok gullkruna åt kongen deira frå hovudet hans; det vart røynt ho vog eit talent, og ho var prydd med ein glimestein. No kom ho på Davids hovud. Uhorveleg mykje herfang tok han i byen og førde det med seg burt.2 Sam 12,30-31
3Folket som budde der, førde han ut og skar dei sund med sager og treskjesledar av jarn og hogg dei sund med øksar. So gjorde David med alle ammonitarbyane. So for han med alt herfolket heim att til Jerusalem.
4Sidan bar det so til at det stod eit slag med filistarane ved Geser, og Sibbekai av Husa-ætti felte Sippai, som var ein av etterkomarane etter Rafa. Då vart dei døyvde.2 Sam 21,18-22; 1 Krøn 11,29; 27,11
5So vart det ein ny strid med filistarane, og Elhanan Ja'ursson felte Lahmi, bror åt Goliat frå Gat, han som hadde eit spjot med eit skaft som storréven på ein vev.
6Endå ein gong vart det ein strid ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot - i alt fire og tjuge fingrar og tær; han og var ætta frå Rafa.
7Han hædde Israel; men Jonatan, son åt Simea, som var bror åt David, hogg han ned.1 Sam 17,10
8Alle desse var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.