Jesaja 40 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Herrens tenar skal trøysta folket hans med lovnaden um at straffetidi no snart skal vera slutt og utløysingi koma, 1.2. Når Herren ved ein profet (Johannes døyparen) hev butt hjarta deira til å taka imot han, skal han (i Messias) syna seg herleg til frelsa for dei, 3-5. Lovnaden um dette er grunna på Guds usviklege ord, 6-8. Fagnadsbodet um at Herren kjem og vil vera ein veldig konge og trufast hyrding for folket sitt, skal difor Jerusalem forkynna med frimod og kraft for heile landet, 9-11. Herren evlar løysa ut sitt folk, for han som hev skapt verdi og held henne uppe og styrer henne, hev synt at han er den allmektige og allvise Gud; ingen ting kann liknast med han, og difor er og avgudsdyrkingi åt heidningane berre dårskap, 12-26. Difor skal ikkje Israel vera modlaus i si ulukka, men lita på at han som gjev dei veike som biar på han, ei kraft som aldri tryt, 27-31.
1Trøysta, trøysta mitt folk, segjer dykkar Gud.
16Libanon er for lite til ved, og dyri der er ikkje nok til brennoffer.