Jeremia 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren nøydest til å straffa folket soleis for di det ikkje finst rettferd og sanning anten millom høge eller låge, men berre trass og avgudsdyrking og hor, kor mykje han hev tukta det, 1-9. Like eins som Israel hev Juda og falle ifrå, med di det neittar han, vanvyrder og spottar profetordi og tener framande gudar. Difor lyt og skal Herren gjera som han hev sagt, lata ein fiende frå eit land langt undan herja landet, og folket skal verta træl under framande i eit framandt land; men like vel skal det ikkje ganga reint til grunns, 10-19. Ulukka skal koma yver det for di det hev vore blindt for Herrens allmakt og godleik og ikkje hev ottast han, men halde ved med sine fæle synder, 20-31.

1Gakk kringum i gatone i Jerusalem og sjå etter og gjev gaum, leita på torgi um de finn einkvar, um det er nokon som gjer rett, som legg vinn på ærlegdom! So vil eg tilgjeva byen.

5No vil eg ganga til storfolket og tala med dei; for dei veit Herrens veg, sin Guds rett. Men nettupp dei, alle saman, hev brote sund åket og slite av seg bandi.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help