1Når de lutar ut landet til odel, skal de gjeva ei reida til Herren, ein heilag lut av landet, fem og tjuge tusund stenger på lengdi og ti tusund på breiddi; det skal vera heilagt i all si vidd rundt ikring.
2Av det skal ein taka åt heilagdomen fem hundrad stenger på lengd og fem hundrad på breidd, i ein firkant rundt ikring, og femti alner til utmark åt han rundt ikring.
15og av småfeet eitt lamb av tvo hundrad frå det vassrike beitelandet i Israel til matoffer og til brennoffer og takkoffer, til å gjera soning for dei, segjer Herren, Israels Gud.
16All landslyden skal vera skyldig til å leggja denne reida til fyrsten i Israel.
17Men fyrsten skal hava den skyldnaden å leggja til brennofferi og matofferet og drykkofferet i helgane og på nymåne-dagane og sabbatane, på alle høgtidene åt Israels-lyden; han skal greida med syndofferet og matofferet og brennofferet og takkofferi til å gjera soning for Israels-lyden.
18So segjer Herren, Israels Gud: Den fyrste dagen i fyrste månaden skal du taka ein lytelaus ungukse og reinsa heilagdomen frå synd.
19Presten skal taka noko av syndofferblodet og strjuka på dørskiene i huset og på dei fire hyrno på altarskori og på dørskiene i porten åt den indre fyregarden.
20Like eins skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som hev synda uviljande eller av fåkunna; soleis skal de gjera soning for huset.3 Mos 4,27-35; 5,17-26
21Den fjortande dagen i fyrste månaden skal de halda påskehelg; i den helgi skal de eta usyrt brød i sju dagar.3 Mos 23,5-14
22Den dagen skal fyrsten ofra ein ukse til syndoffer for seg og for heile landslyden.
23Og dei sju høgtidsdagane skal han ofra åt Herren eit brennoffer, sju lytelause uksar og sju lytelause verar kvar dag i dei sju dagane, og til syndoffer ein bukk kvar dag.
24Til matoffer skal han ofra ein efa attåt kvar ukse og ein efa attåt kvar ver og ein hin olje attåt kvar efa.Esek 46,5.7.11
25Den femtande dagen i sjuande månaden, på høgtidi, skal han ofra same slag offer i sju dagar, både syndofferet og brennofferet, både matofferet og oljen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.