1Då Sauls-sonen fekk høyra at Abner hadde mist livet i Hebron, seig han reint i hop, og heile Israel vart forstøkt.
2Hjå Sauls-sonen var det tvo menner som var hovdingar for herjeflokkar. Den eine heitte Ba'ana og hin Rekab; dei var søner åt Rimmon frå Be'erot og høyrde til Benjamins-borni; for Be'erot vart og rekna til Benjamin
5Ein dag kom Rekab og Ba'ana, sønene åt Rimmon frå Be'erot, i heitaste solvarmen til huset åt Isboset, medan han heldt middagskvild.
6Dei lest vilja henta kveite; på den måten kom dei heilt inn i huset, og so såra dei han i livet. Sidan kom dei seg undan både Rekab og Ba'ana, bror hans.
7Dei kom inn i huset medan han låg på sengi i soveromet sitt, og gav han banesår og hogg hovudet av han; det tok dei med seg, og so gjekk dei heile natti etter vegen som ber gjenom moane.
8Dei kom til David i Hebron med hovudet hans Isboset og sa til kongen: Her er hovudet hans Isboset, son åt Saul, han som var uvenen din og stod deg etter livet. Herren hev i dag gjeve deg hemn yver Saul og ætti hans, herre konge.
9Men David svara Rekab og Ba'ana, sønene åt Rimmon frå Be'erot, soleis: So visst som Herren lever, han som hev fria meg ut or all fåre:
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.