1Kor gullet vert myrkt, det finaste gullet brigda, dei heilage steinane strådde ikring på alle gatemot!
2Sions-borni, dei dyrverdige, gjæve som skiraste gullet, kor dei er haldne jamgode med leirkrukkor, med eit verk av krusmakar-hender!
3Jamvel sjakalar held fram juret, so ungane fær suga; mitt folks dotter hev vorte hjartelaus som strussen i øydemarki.
17Medan det endå stod, stirde våre dimme augo fåfengt etter hjelp; frå vårt vakttårn skygnde me etter eit folk som ikkje kunde hjelpa.
18Dei lurde på våre steg, so me ikkje kunde ganga på våre gator; det var nær innpå enden med oss, vår tid var ute, ja, vår ende var komen.
19Våre forfylgjarar var snøggare enn himmelens ørnar; burtetter fjelli elte dei oss, i øydemarki lurde dei på oss.
20Vår livsande, den Herren salva, vart fanga i deira graver - og det var um han me sa: I hans skugge skal me leva millom folki.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.