Salmane 81 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Songaren uppmodar Guds folk til å halda påskehelgi med takk og pris, 2-4. For då Gud fria folket sitt ut frå Egyptarland, sette han dei til det og mana dei til å vera lydige mot han, med di han minte um dei store velgjerningane han hadde synt dei, og lova å løna dei med rik signing, 5-11. Men Israel hev ikkje lydt Gud; difor hev han gjeve dei yver til deira hardlynde, 12.13. Gjev dei no vilde verta lydige mot han! Då skulde han halda den lovnaden han hev gjeve dei, 14-17.
1Til songmeisteren, etter Gittit; av Asaf. /
2Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!
3Set i med song og lat pauka høyrast, den vene citar med harpa!
4Blås i lur i månaden, ved fullmåne, på vår høgtidsdag!
7Eg løyste hans oksel frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.