1Og eit stort teikn vart set i himmelen: ei kvinna klædd med soli, og med månen under føtene, og på hovudet hadde ho ei kruna av tolv stjernor.
2Og ho var med barn og skrik i barnsnaud og i harde føderider.
3Og eit anna teikn vart set i himmelen: det synte seg ein stor eldraud drake, som hadde sju hovud og ti horn, og på hovudi sine sju krunor,
4og sterten hans drog tridjeparten av stjernone på himmelen med seg og kasta dei ned på jordi, Og draken stod framfor kvinna som skulde føda, so han kunde gløypa barnet hennar når ho hadde født det.
5Og ho fødde eit gutebarn, som skal styra alle heidningane med jarnstav; og barnet hennar vart burtrykt til Gud og til hans kongsstol.Op 2,27; 19,15; Sal 2,9
6Og kvinna flydde ut i øydemarki, der ho hev ein stad som Gud hev laga til åt henne, for at dei skulde gjeva henne føda der i tusund tvo hundrad og seksti dagar.Op 11,3
7Og det vart ein strid i himmelen: Mikael og hans englar tok til å strida imot draken, og draken stridde, og hans englar.Dan 10,13.20; 12,1
8Men dei kunde ikkje standa seg, og deira stad vart ikkje heller meir funnen i himmelen.
9Og den store draken vart kasta ned, den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, han som forfører heile verdi; han vart kasta ned på jordi, og englane hans vart kasta ned med han.Luk 10,18; Op 20,2; 1 Mos 3,1-8; Joh 12,31; 2 Kor 11,3
10Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen, som sa: Frå no eig vår Gud frelsa og krafti og riket, og den han salva, hev makti; for klagaren mot brørne våre er kasta ned, han som klaga dei for vår Gud dag og natt.Op 11,15; Ef 5,5; Job 1,9-11; 2,4-5; Sak 3,1
11Og dei hev vunne yver han i kraft av Lambet sitt blod og det ordet dei vitna; og dei hadde ikkje livet sitt kjært, alt til dauden.
12Difor fagna dykk, de himlar, og de som bur i dei! Ve yver jordi og havet! for djevelen hev fare ned til dykk i stor vreide, av di han veit at han berre hev ei liti tid.
13Og då draken såg at han var nedkasta til jordi, forfylgde han kvinna som hadde født guten.
14Og dei tvo vengene på den store ørnen vart gjevne til kvinna, so ho skulde fljuga ut i øydemarki til sin stad, der ho fær si føda ei tid og tider og ei halv tid, langt ifrå augo på ormen.Dan 7,25; 12,7
15Og ormen spruta or gapet sitt vatn som ei elv etter kvinna, for å riva henne burt med elvi.
16Men jordi kom kvinna til hjelp, og jordi opna sin mun og svelgde elvi som draken spruta ut or gapet sitt.
17Og draken vart arg på kvinna og gjekk burt og vilde strida imot dei andre av ætti hennar, dei som held Guds bod og hev Jesu vitnemål.Op 14,12; 19,10
18Og eg stod på sanden ved havet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.