Josva 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Akan tek noko av det som er bannstøytt i Jeriko; difor taper Israels-borni då dei vil taka Ai, 1-5. Josva og styresmennene gjer bot; Herren let dei få vita kvifor han er harm, og korleis dei skal finna brotsmannen, og segjer dei skal straffa han; Israel steinar mannen i hel, 6-26.

1Men Israels-borni for ikkje ærleg åt med det som var vigt til Herren. Akan, son åt Karmi, som var son åt Sabdi og soneson åt Serah av Juda-ætti, tok noko av det vigde. Då vart Herren brennande harm på Israels-borni.

25Og Josva sa til han: For ei ulukka du hev ført yver oss! I dag skal Herren føra ulukka yver deg! So tok heile Israel og steina han i hel og brende og steina alt som høyrde han til.

26Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys yver han; den hev lege der alt til denne dag. Då døyvde Herren den brennande harmen sin. Men sidan vart den staden kalla Akordalen, og det namnet hev han den dag i dag.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help