4. Mosebok 31 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Israels-borni skal ganga i herferd mot midianitane, 1-6. Dei vinn yver dei og fører fangane og herfanget til lægret, 7-12. Moses vert harm på dei av di dei hev spart alle kvinnone, og segjer at dei skal drepa alle kvinnor som hev havt med karfolk å gjera, og reinsa seg sjølve og alt dei hev havt med seg, utanfor lægret, 13-24. Dei skifter herfanget etter Herrens fyresegn, 25-47. Hovdingane gjev av herfanget sitt til tabernaklet, 48-54.

1Og Herren tala til Moses og sa:

2Du skal taka hemn for det som medianitane hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.4 Mos 25,17-18; 27,12-14

3Då tala Moses til folket og sa: Lat nokre av mannskapet dykkar bu seg til herferd! Dei skal koma yver midianitane og føra Herrens hemn yver Midian.

4Tusund mann frå kvar av Israels-ættene skal de senda ut i herferd.

5Av dei mange tusund i Israel baud dei då ut tusund mann frå kvar ætt, tolv tusund herbudde menner.

6Dei sende Moses ut i herferd, tusund mann frå kvar ætt, og med dei sende han Pinehas, son åt Eleasar, presten; han hadde med seg dei heilage gognene og stridslurane.4 Mos 10,9

7Og dei gjorde ei herferd mor Midian, so som Herren hadde sagt Moses fyre, og slo i hel alle karmenner.

8Og millom dei som dei drap, var kongane i Midian, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, dei fem Midians-kongane; og Bileam, son åt Beor, fall og for sverdet deira.Jos 13,21-33; 4 Mos 22,5-14

9So tok dei kvinnone og borni åt midianitane og alle kløvdyri og alt bufeet deira og alt det dei åtte;5 Mos 20,14

10og alle byane i det landet dei budde i, og alle tjeldlægri deira sette dei eld på.

11Og alt herfanget og alt folket og feet dei hadde teke,

12førde dei dit som Moses og Eleasar, presten, og heile Israels-lyden var - til lægret på Moabmoane ved Jordan, midt for Jeriko - både fangane og feet og alt det andre herfanget.

13Og Moses og Eleasar, presten, og alle dei høgste i lyden gjekk til møtes med dei utanfor lægret.

14Men Moses var vond på hovdingane som kom heim frå stridsferdi, både dei som stod yver tusund og dei som stod yver hundrad mann,

15og han sa til dei: Hev de spart alle kvinnone?

16Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka Israels-borni til å svika Herren for Peors skuld, so sotti kom yver Herrens lyd.4 Mos 25,1-9

17Slå no i hel alle sveinborn og alle kvinnor som hev havt med karfolk å gjera!

18Men alle ungmøyar som ikkje hev havt med karfolk å gjera, skal de spara, og dei skal høyra dykk til.

19Og so lyt de halda dykk utanfor lægret i sju dagar, og alle som hev slege nokon i hel eller kome nær nokon som er i helslegen, lyt reinsa seg den tridje og den sjuande dagen - både de og fangane dykkar.4 Mos 19,11.16

20Og alle klæde og alt som er gjort av skinn eller geiteragg, og alle trekjerald lyt de reinsa.

21Og Eleasar, presten, sa til stridsmennene som hadde vore med i herferdi: Denne fyresegni hev Herren gjeve Moses:

22Gull og sylv, kopar og jarn, tin og bly,

23alt som toler eld, skal de hava i elden, so vert det reint; de lyr berre etterpå reinsa det med reinsingsvatn; men alt som ikkje toler eld skal de hava i vatn.4 Mos 19,9

24Og den sjuande dagen skal de två klædi dykkar, so vert de reine, og sidan kann de koma inn i lægret.

25Og Herren sa til Moses:

26Du og Eleasar, presten, og ættehovdingane i lyden skal taka tal på alt folket og feet som er fanga

27og skifta det likt millom stridsmennene som var med i herferdi, og alt hitt folket.

28Og du skal taka ei avgift til Herren av stridsmennene: eitt liv for kvart femhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe;

29det skal de taka av den helvti som fell på herfolket, og gjeva det til Eleasar, presten; det skal vera ei reida til Herren.

30Og av den helvti som fell på dei hine Israels-borni, skal du taka ut eit liv for kvart halvhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe - av alt feet - og gjeva dei til levitane, som hev umsut for alt det som skal gjerast i Herrens tabernakel.

31Moses og Eleasar, presten, gjorde som Herren hadde sagt Moses fyre.

32Og herfanger, det som var att av det stridsfolket hadde teke, det var: sauer og geiter: seks hundrad og fem og sytti tusund;

33uksar og kyr: tvo og sytti tusund;

34asen: ein og seksti tusund;

35av folk - kvinnor som ikkje hadde vore nær nokon karmann - var det i alt tvo og tretti tusund.

36Helvti av dette, den luten som fall på hermennene, var då: småfe: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad i talet,

37so avgifter til Herren av sauene og geitene vart seks hundrad og fem og sytti;

38uksar og kyr: seks og tretti tusund; av dei var avgifti til Herren tvo og sytti;

39asen: tretti tusund og fem hundrad, og avgifti av dei til Herren ein og seksti;

40fangar: sekstan tusund, og av dei i avgift til Herren tvo og tretti.

41Og Moses gav avgifti, det som skulde vera reida åt Herren, til Eleaser, presten, som Herren hadde sagt han fyre.4 Mos 31,28-29

42Den helvti som kom på dei hine Israels-borni, og som Moses hadde skift ifrå hermennene,

43den helvti som lyden fekk, det var: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad sauer og geiter,

44og seks og tretti tusund uksar og kyr,

45og tretti tusund og fem hundrad asen,

46og sekstan tusund fangar.

47Av denne helvti - den som fall på Israels-borni - tok Moses ut eit liv for kvart halvhundrad av både folk og fe og gav dei til levitane, som greidde det som skulde gjerast i Herrens hus, soleis som Herren hadde sagt han fyre.

48So gjekk hovdingane yver herflokkane, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann, fram for Moses

49og sa til han: Tenarane dine hev teke tal på stridsmennene som me hadde under oss, og det vanta ikkje ein mann.

50Difor kjem me no med ei gåva til Herren; kvar av oss gjev det gullet han hev vunne: armlekkjor og armband og fingerringar og øyreringar og kulelekkjor; det skal vera til soning for oss for Herrens åsyn.

51Og Moses og Eleaser, presten, tok imot gullet dei kom med, alle slags fint arbeidde ting.

52Gullet som dei vigde åt Herren, var i alt sekstan tusund og sju hundrad og femti sekel; det var gåva frå hovdingane.

53Men mannskapet hadde og vunne herfang, kvar åt seg.

54Då Moses og Eleasar, presten, hadde teke imot gullet av hovdingane, bar dei det inn i møtetjeldet, so det skulde minna um Israels-borni for Herrens åsyn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help