Galatarane 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Paulus ynskjer kyrkjelydane i Galatia Guds nåde, 1-5; han undrast på at dei er so ustøde og held på å vika frå det reine evangeliet, og han lyser forbanning yver all læra som er imot det, 6-10. Han forsvarar seg mot dei falske lærarane som sa at han ikkje var nokon rett Kristi apostel; han talar um si umvending og sitt kall til apostelembetet og fortel um livet sitt dei fyrste åri etter umvendingi for å syna at han ikkje hadde fenge læra si frå menneske, 11-24.

1Paulus, apostel, ikkje av menneske og ikkje ved noko menneske, men ved Jesus Kristus og Gud Fader, som vekte han upp frå dei daude,Gal 1,12; Tit 1,3; Apg 2,24.32; Ef 1,20

2og alle brørne som er hjå meg - til kyrkjelydane i Galatia:Apg 16,6; 18,23

3Nåde vere med dykk og fred frå Gud Fader, og vår Herre Jesus Kristus,Rom 1,7

4han som gav seg sjølv for våre synder, so han kunde fria oss ut or den noverande vonde verdi etter vår Gud og Faders vilje;Matt 20,28; Gal 2,20; Ef 5,2.25; Tit 2,14; 1 Joh 5,19

5honom vere æra i all æva! Amen.2 Tim 4,18

6Eg undrast på at de so snøgt vender dykk frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, til eit anna evangelium,

7endå det ikkje finst noko anna; det er berre sume som forviller dykk og vil forvenda Kristi evangelium.Apg 15,1

8Men um me eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det som me hev forkynt dykk, han vere bannstøytt!2 Kor 11,14; 1 Kor 16,22

9Som me hev sagt fyrr, so segjer eg no på nytt: Um nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de hev fenge, han vere bannstøytt!5 Mos 4,2; Ordt 30,6

10Talar eg no menneske til viljes, eller Gud? eller søkjer eg å gjera menneske til lags? Vilde eg enno gjera menneske til lags, var eg ikkje Kristi tenar.1 Tess 2,4; Jak 4,4

11Eg kunngjer dykk, brør, at det evangelium som eg hev forkynt, er ikkje menneskeverk;1 Kor 15,1

12for ikkje eg heller fekk det eller lærde det av noko menneske; men ved Jesu Kristi openberring.1 Kor 11,23; Ef 3,3

13For de hev høyrt um mi framferd fyrr, medan eg var jøde, at eg forfylgde Guds kyrkja ovleg hardt og tynte henne;Apg 9,1; 22,4

14og eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane mine i mitt folk, med di eg var endå meir ihuga for mine fedre-lærdomar.Fil 3,6

15Men då det tektest han som valde meg ut alt frå mors liv og kalla meg ved sin nåde,Jer 1,5; Apg 9,15; 13,2

16å openberra sin Son i meg, so eg skulde forkynna evangeliet um han millom heidningane, då samrådde eg meg ikkje med kjøt og blodEf 3,8; Apg 26,19

17og drog ikkje heller upp til Jerusalem til dei som var apostlar fyre meg; men eg for straks burt til Arabia, og derifrå attende til Damaskus.Apg 9,20.22

18Sidan, tri år etter, for eg upp til Jerusalem og vilde verta kjend med Kefas, og hjå han vart eg verande femtan dagar.Apg 9,26

19Men nokon annan av apostlane såg eg ikkje, utan Jakob, Herrens bror.Apg 15,13

20Det som eg her skriv til dykk - sjå, Gud veit at eg ikkje lyg det.Rom 9,1; 2 Kor 1,23; 11,31

21So kom eg til bygdene i Syria og Kilikia.Apg 9,30

22Men av åsyn var eg ukjend for dei kristne kyrkjelydane i Judea.

23Dei hadde berre høyrt gjete: Han som fyrr forfylgde oss, han forkynner no den trui som han fyrr vilde øyda ut.Apg 9,21

24Og dei lova Gud for meg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help