1. Korintar 16 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Paulus bed korintarane gjera ei innsamling til hjelp for dei truande i Jødeland, 1-4, lovar å koma til Korint, men vil vera i Efesus endå ei tid, 5-9. Han melder um Timoteus og Apollos, 10-12, manar til vaksemd, tru og kjærleik, 13.14, rosar huslyden åt Stefanas, 15-18, sender helsingar frå Asia, 19.20, helsar til slutt sjølv, med di han bannar dei som ikkje elskar Herren Jesus, men ynskjer lesarane nåde, 21-24.

1Men vedkomande innsamlingi til dei heilage, so skal de fara åt soleis som eg hev skipa det for kyrkjelydane i Galatia!Rom 15,26; 2 Kor 8,4; Gal 2,10

2På den fyrste dagen i vika leggje kvar av dykk til sida heime hjå seg sjølv det han fær lukka til, so innsamlingi ikkje skal verta gjord fyrst då når eg kjem.Apg 20,7

3Når eg so kjem, skal eg senda dei som de vil velja til det, med brev, so dei kann føra kjærleiksgåva dykkar til Jerusalem.2 Kor 8,19

4Men er det verdt at eg og reiser, so kann dei reisa saman med meg.Rom 15,25-29

5Eg kjem til dykk når eg hev fare gjenom Makedonia; for Makedonia fer eg igjenom;Apg 19,21

6men hjå dykk kann henda eg drygjer ei tid, eller jamvel vinteren yver, so de kann fylgja meg på vegen dit som eg sidan reiser.Rom 15,24

7Eg vil ikkje vitja dykk no på vegen; for eg hev ei von um å få drygja ei tid hjå dykk, um Herren gjev lov til det.1 Kor 4,19

8I Efesus drygjer eg til kvitsunnhelgi;

9for ei stor og verksam dør er upplati for meg, og det er mange motstandarar.Apg 14,27; 2 Kor 2,12; Apg 19,8.9.23-41

10Når Timoteus kjem, so sjå til at han kann vera hjå dykk utan otte! for han gjer Herrens gjerning, liksom eg;1 Kor 4,17; Fil 2,19-20

11difor må ingen vanvyrda han. Og fylg han på vegen i fred, so han kann koma til meg! for eg ventar på han med brørne.1 Tim 4,12

12Vedkomande broren Apollos, so bad eg han mykje at han måtte fara til dykk med brørne; han var slett ikkje viljug til å koma no, men han vil koma når han fær tid.Apg 18,24

13Vak, statt støde i trui, ver mannelege, ver sterke!Ef 6,10

14Lat alt hjå dykk ganga fyre seg i kjærleik!1 Tim 1,5

15Eg legg dykk på hjarta, brør: de kjenner huslyden åt Stefanas, at dei er fyrstegrøda av Akaia, og at dei hev rådt seg til å tena dei heilage -1 Kor 1,16; Rom 16,5

16so vis de og vyrdnad mot dei, og like eins mot alle som hjelper til og gjer seg umak!Fil 2,29; 1 Tess 5,12; 1 Tim 5,17

17Eg gleder meg yver at Stefanas og Fortunatus og Akaikus er her; for saknaden av dykk hev dei avhjelpt.Fil 2,30; Filem 1,13

18For dei hev kveikt mi og dykkar ånd. Skyna difor på slike!2 Tim 1,16; Filem 1,7

19Kyrkjelydane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk mykje i Herren saman med kyrkjelyden i huset deira.Apg 18,2; Rom 16,5

20Alle brørne helsar dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!Rom 16,16

21Helsing med mi, Paulus', hand:Kol 4,18; 2 Tess 3,17

22Um nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Maran ata.

23Herren Jesu nåde vere med dykk!Rom 16,24; Fil 4,23

24Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help