1Tidleg den fyrste dagen i vika, medan det endå var myrkt, kjem Maria Magdalena til gravi og ser at steinen er teken burt frå gravi.
25So sa dei andre læresveinane til han: Me hev set Herren! Han svara: Det trur eg ikkje fyrr eg fær sjå naglemerket i hendene hans og fær stinga fingeren min i nagleholet og fær stinga handi mi i sida hans.
26Åtte dagar etter var læresveinane hans inne att, og Tomas var med dei. Dørene var stengde. Då kom Jesus og stod midt ibland dei og sa: Fred vere med dykk!
27So segjer han til Tomas: Kom hit med fingeren din, og sjå på hendene mine, og kom hit med handi di og stikk henne i sida mi, og ver ikkje vantruen, men truande!
28Min Herre og min Gud! svara Tomas.
29Jesus segjer til han: Sidan du hev set meg, trur du! Sæle dei som ikkje ser og endå trur!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.