Johannes 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Eit fyreord av Johannes um Jesus, kven og kva han er, 1-18: Guds Son, det ævelege «Ordet», som verdi vart skapt ved, er einaste livet og ljoset åt menneskja, 1-5. Denne Guds Son hadde døyparen Johannes vitna um, og sidan stod han sjølv fram i verdi, millom sitt eige folk Israel; berre nokre få tok imot han og vart med det Guds born, 6-13. For å kunna standa fram i verdi soleis vart Guds Son menneske; læresveinane skoda herlegdomen hans, og det som døyparen hadde vitna um han, vart stadfest ved det dei alle fekk røyna: med di han gjorde Faderen i himmelen kjend for dei, gav han dei lut i nåden og sanningi som han sjølv var fyllt av, 14-18. Døyparen vitnar um Jesus, 19-34. Jesus kallar dei fyrste læresveinane sine, 35-52.
1I upphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.