Jesaja 52 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Herren lovar folket sitt at han vil fria det frå det tunge åket som det babylonske heimsriket legg på det, og vara Jerusalem so det ikkje i framtidi skal verta vanhelga av heidningane, 1-6. Fagnadsbodet um frelsa og fred skal verta forkynt for Herrens by ved sendebodi hans, som dei skal taka imot med gleda og fagnad, 7-10. Guds folk skal draga ut or Babel og vara seg for all ureinskap, 11.12. Messias, Herrens tenar, skal etter si nedring få ei høgd og ein herlegdom som skal vekkja stor undring hjå mange heidne folk og kongar, 13-15.
1Vakna, vakna, klæd deg i styrke, du Sion! Klæd deg i ditt høgtidsskrud, Jerusalem, du heilage by! For aldri meir skal det koma inn i deg ein u-umskoren eller urein.
12For de tarv ikkje skunda dykk ut og ikkje røma når de fer; for Herren gjeng fyre dykk, og Israels Gud fer sist i ferdi.