Salmane 41 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David prisar den sæl som hjelper armingen; når ein slik kjem i naud sjølv, kann han vera viss på at Gud vil hjelpa han, 2-4. Dei illtenkte fiendane hans - og millom dei finst det jamvel ein ven som hev svike han - syner ingen samhug med han i naudi, men ynskjer han vondt og freistar å føra han til undergang med meinrådene sine, 5-10. Han bed Gud um hjelp og er viss på at han skal verta bønhøyrd, 11-13. / Liksom i salme 31 og 38 ligg det i denne salmen og ein spådom um dei lidingane som skal råma Messias ved dei ugudlege fiendane hans, serleg Judas, svikaren (Joh 13,18).

1Til songmeisteren; ein salme av David.

2Sæl er den som ser til vesalmannen; på den vonde dag skal Herren frelsa han.Ordt 14,21; 19,17

3Herren skal verja han og halda han i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva han til hans mordgjeruge fiendar.

4Herren skal stydja han på sottesengi; all hans lega lagar du um i hans sjukdom.2 Kong 20,7

5Eg segjer: Herre, ver meg nådig, læk mi sjel! for eg hev synda mot deg.Sal 6,3; 103,3

6Mine fiendar talar vondt um meg: Når skal han døy, og hans namn forgangast?

7Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, og so gjeng han ut og talar um det.

8Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som er meg til skade:Matt 22,15; Luk 11,54

9Ei illgjerning heng ved han, og han som ligg der, skal ikkje meir standa upp.

10Ja, endå den som eg levde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.Sal 55,14-15; Joh 13,18; Apg 1,16-17

11Men du, Herre, ver meg nådig og hjelp meg upp! So vil eg gjeva dei lika for det.

12På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg.

13Og meg held du uppe i mi uskyld og set meg for di åsyn til æveleg tid.1 Krøn 17,27; Sal 63,9; 18,21

14Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva til æva! Amen, amen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help