1. Mosebok 31 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Laban og sønene hans ovundar Jakob; Gud segjer han skal fara til Kana'an att; konone hans samtykkjer i denne ferdi, 1-16. Han fer burt i løynd med alt det han eig, 17-21. Laban set etter han, men Gud åtvarar han at han ikkje må gjera han noko vondt; dei gjer ei semja seg imillom; Laban fer heim, 22-55.

1So fekk han høyra at sønene hans Laban hadde sagt: Jakob hev teke alt det som far vår åtte, og av det som far vår åtte, hev han lagt seg til all denne rikdomen.

2Og Jakob såg på andletet hans Laban at han var ikkje den same mot han som han hadde vore.

3Og Herren sa til Jakob: Far attende til landet åt federne dine og til ditt eige folk, og eg skal vera med deg.

4Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut på marki, til buskapen hans.

5Og han sa til dei: Eg ser på andletet åt far dykkar at han er ikkje den same mot meg som fyrr. Men Gud åt far min hev vore med meg.

6Og de veit sjølve at eg hev tent far dykkar det beste eg vann.

7Og far dykkar hev svike meg og brigda um att løni mi dei ti gongene. Men Gud let han ikkje få lov til å gjera meg noko skade.

22Tridje dagen etter fekk Laban vita at Jakob hadde stroke sin veg.

23Då tok han med seg skyldfolki sine og sette etter han sju dagsleider og nådde han att på Gileadfjellet.

24Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum um natti og sa til han: Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!

48Og Laban sa: Denne varden skal vera vitne millom meg og deg i dag. Difor kalla dei han Gal-Ed,

50Fer du ille med døtterne mine, eller tek du deg andre konor attåt døtterne mine, då er det fulla ingen mann innmed oss, men kom i hug det: Gud er vitne millom meg og deg.

51Og Laban sa til Jakob: Sjå, denne varden og denne minnesteinen som eg hev reist millom meg og deg -

52vitne skal dei vera, både varden og minnesteinen, at ikkje skal eg fara framum denne varden burt til deg, og ikkje skal du fara hitum denne varden til meg på det som vondt er.

53Gud åt Abraham og Gud åt Nakor døme millom oss, han som var Gud åt far deira! So svor Jakob ved han som Isak, far hans, hadde age for.1 Mos 31,42

54Og Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad skyldfolki sine eta med seg. Og dei åt med han og var på fjellet um natti.

55Um morgonen tidleg reis Laban upp og kysste sønene og døtterne sine og velsigna dei. So tok Laban ut og for heim att til seg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help