2. Samuelsbok 17 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Akitofel vil straks setja etter David og fella han medan han er åleine; men Husai råder til å samla heile Israel, so ein lettare kann vinna på David og mennene hans, og Absalom samtykkjer, 1-14. Husai sender Jonatan og Akima'as til David med bod um dette; Absalom freistar å få tak i dei, men fåfengt; David fer yver Jordan, 15-22. Akitofel hengjer seg; Absalom fer etter David yver Jordan; folk kjem til David med mat og anna som han treng, 23-29.

1Sidan sa Akitofel til Absalom: Lat meg få velja ut tolv tusund mann! So vil eg taka i vegen og setja etter David i natt!

2So kjem eg yver han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han; då kjem alt folket som er med han, til å røma sin veg, og eg kann drepa kongen medan han er åleine.

3Sidan fører eg alt folket attende til deg; gjeng det so med den mannen du søkjer etter, so er det jamgodt med at alle kjem attende; då kann alt folket få vera i fred.

4Den rådi lika dei vel, både Absalom og alle styresmennene i Israel.

5Men so sa Absalom: Send bod etter Husai og, so me fær høyra kva han hev å segja.2 Sam 16,16

6Då Husai kom, sa Absalom til han: So og so hev Akitofel sagt; skal me gjera som han segjer? Meiner du noko anna, so seg det!

7Husai svara: Det er ikkje nokor godt råd Akitofel hev gjeve denne gongen.

8Og han heldt fram: Du kjenner far din og mennene hans, og veit at dei er djerve stridsmenner og gramme som binna i skogen når ho hev mist ungane sine. Han er ein gamal hermann, far din; han ligg ikkje i ro med folki sine um natti.

9Du skal sjå at no hev han løynt seg i eikor hola eller einkvar annan staden. Gjeng det so at han straks i fyrstningi kjem yver mennene dine, so kjem alle som fær høyra det, til å segja: Det hev vore eit stort mannefall millom dei mennene som fylgjer Absalom.

10Og um det er aldri so djerv ein kar, med eit hjarta som ei løva, so kjem han til å skjelva i knei; for heile Israel veit at far din er ei kjempa, og at dei som er med han, er djerve karar.

11Difor er dette mitt råd: Lat heile Israel, frå Dan til Be'erseba, samla seg kring deg, som sanden utmed havet i mengd, og drag sjølv med i striden!

12Når me so råkar han einkvar staden der han kann vera å finna, so skal me kasta oss yver han som når doggi fell nedpå marki, og me skal ikkje spara ein einaste mann, korkje han sjølv eller nokon av dei som er med han.

13Og søkjer han livd i ein av byane, so skal heile Israel leggja reip kring den byen og draga han ned i dalen so det ikkje finst att ein einaste stein der han stod.

14Då sa Absalom og alle Israels menner: Rådi åt Husai, arkiten, er betre enn den som Akitofel gav. - Men det var Herren som hadde laga det so, av di han vilde gjera den gode rådi åt Akitofel til inkjes og føra ulukke yver Absalom.Job 5,12-13

15So sa Husai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Akitofel hadde talt Absalom og styresmennene i Israel til å gjera, og kva han sjølv hadde rådt dei til.

16Og han la til: Skunda dykk no og send bod um det til David og seg: Stana ikkje på moane i øydemarki i natt, men set heller yver elvi! Elles er det ute både med kongen og alle dei som fylgjer han.

17Jonatan og Akima'as heldt seg i En-Rogel; ei tenestgjente bar jamleg bod til dei, og so bar dei bodet til kong David; for dei torde ikkje ganga inn i byen, so folk fekk sjå dei.

18Men um eit bel var det ein gut som gådde dei, og han sa det til Absalom. Då tok dei ut båe tvo so fort dei kunde. Då dei kom til Bahurim, gjekk dei inn til ein mann der som hadde ein brunn i tunet sitt; i den steig dei ned,

19og kona i huset tok og breidde ei rya yver brunn-opet og strådde gryn uppå, so ingen kunde skyna noko.Jos 2,4

20Då so mennene hans Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Akima'as og Jonatan, svara ho: Dei gjekk yver den vesle bekken her. So leita mennene, men fann dei ikkje og for attende til Jerusalem.

21Vel var dei farne, steig hine upp or brunnen og bar bod til kong David; dei sa til han: Gjer dykk reiduge og set snøgt yver åi! - og so fortalde dei kva Akitofel hadde rådt til å gjera mot dei.2 Sam 17,1-14

22Då tok David ut med alt folket sitt, og dei gjekk yver Jordan. Då dagen rann, fanst det ikkje ein mann anna han var komen yver Jordan.

23Men då Akitofel såg at rådi hans ikkje vart lydd, sala han asnet sitt og reid heim til sin eigen by. Han skipa all ting til rettes i huset sitt; so hengde han seg og døydde og vart nedsett i gravstaden åt far sin.

24David var alt komen til Mahana'im då Absalom gjekk yver Jordan med alle Israels-mennene.

25Absalom hadde sett Amasa til hovding yver heren i staden for Joab; Amasa var son åt ein jisre'elit som heitte Jitra og hadde halde seg med Abigal, dotter åt Nahas og syster åt Seruja, som var mor åt Joab.1 Krøn 2,16-17

26Israels-mennene og Absalom slo læger i Gileadlandet.

27Med same David kom til Mahana'im, kom Sobi Nahasson dit frå Rabba i Ammonitarlandet og Makir Ammielsson frå Lo-Debar og Barsillai, ein Gileads-mann, frå Rogelim.2 Sam 9,4; 19,32; 1 Kong 2,7

28Dei kom med senger og skåler og krus og hadde med seg kveite og bygg og mjøl og steikte aks og baunor og linsor og steikte skolmfrukter

29og honning og mjølk og småfe og ku-ostar, som David og folki hans skulde hava til mat; for dei tenkte folki hadde vorte svoltne og trøytte og tyrste i øydemarki.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help