1Ein dag kongen sat i huset sitt, etter Herren hadde gjeve han ro for alle uvenene hans rundt ikring,1 Krøn 17,1-2
2sa han til Natan, profeten: Sjå her sit eg i eit hus av sedertre, medan Guds kista stend i ei tjeldbu.2 Sam 5,11
3Natan svara: Gjer du berre alt som du hev i tankar! For Herren er med deg.
4Men natti etter kom Herrens ord til Natan, og det lydde so:
5Gakk og seg til David, tenaren min: So segjer Herren: Skulde du byggja meg eit hus til å bu i?
6Eg hev då ikkje butt i hus alt ifrå den dag eg førde Israels-borni upp frå Egyptarland, og til no! Allstødt flutte eg ikring i eit tjeld, i eit tabernakel.1 Kong 8,16
7Men kvar eg so flutte ikring med alle Israels-borni, sa eg då aldri det til nokor av Israels-ættene - dei som eg hadde sett til å vakta Israel, folket mitt -: Kvifor hev de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?
8Og no skal du segja so til David, tenaren min: So segjer Herren, allhers Gud: Eg henta deg frå hamnegangen, der du fylgde saueflokken, so du skulde verta fyrste yver Israel, folket mitt.1 Sam 16,11-13; Sal 78,70
9Eg var med deg kvar du gjekk og stod, og rudde ut alle uvenene dine for deg, og eg hev late deg vinna eit namn so stort som dei største på jordi.
10Og eg hev stelt til ein bustad åt Israel, folket mitt; der hev eg sett dei ned, so dei bur i heimen sin og aldri vert uroa meir, og valdsmenner ikkje plagar dei meir, liksom fyrr i verdi,
11alt ifrå den dag eg sette domarar yver Israel, folket mitt, og eg hev gjeve deg ro for alle uvenene dine. Og no forkynner Herren deg at Herren vil byggja eit hus åt deg.
12Når dagane dine er lidne, og du kviler hjå federne dine, då vil eg etter deg reisa upp son din som skal koma av ditt eige blod, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.1 Kong 8,20; 1 Krøn 17,11-15
13Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til æveleg tid.1 Kong 5,5; 6,12; 1 Krøn 28,6-7; Sal 89,4-5
14Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Når han gjer det som vondt er, vil eg tukta han med manneris og med plagor som kann råma manneborni;1 Krøn 22,10; Sal 89,27; Hebr 1,5
15men mi miskunn skal eg ikkje taka frå han, soleis som eg gjorde med Saul, han som eg let vika undan for deg.1 Sam 15,26
16Stødt skal ditt hus og ditt kongedøme standa for di åsyn til æveleg tid; din kongsstol skal vera uruggeleg i all æva.Sal 72,17
17Alle desse ordi og heile denne syni bar Natan fram for David.1 Krøn 17,15-27
18Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: Kven er eg, Herre, Herre, og kva er mi ætt, at du hev leidt meg alt hit?1 Mos 32,10-21
19Og endå syntest dette deg for lite, Herre, Herre, so du jamvel hev tala um ætti åt tenaren din langt fram i tidi. Og dette er lovi for menneskja, Herre, Herre!
20Kva skal so David tala til deg um meir? Du kjenner sjølv tenaren din, Herre, Herre!
21For ditt ord skuld og etter ditt eige hjarta hev du gjort alt dette store og kunngjort det for tenaren din.
22Difor er du stor, Herre Gud! Det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt me hev høyrt og spurt.
23Og kvar finst det på jordi eit einaste folk som ditt folk - som Israel - eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk, so han kunde vinna seg eit stort namn og gjera dette store for dykk og agelege verk for landet ditt, for ditt folk skuld som du løyste ut or Egyptarland, frå heidningfolk og gudane deira?5 Mos 4,7.34
24Du laga Israel, folket ditt, åt deg, so det skulde vera ditt folk i all æva, og du, Herre, vart deira Gud.
25So lat det no verta sannrøynt i all æva, Herre Gud, det ordet du hev tala yver tenaren din og ætti hans, og gjer som du hev sagt!
26Då vert namnet ditt stort i all æva, so dei kjem til å segja: Herren, allhers Gud, han er Gud yver Israel. Og huset åt David, tenaren din, kjem til å standa stødt for di åsyn.
27For du, Herre, allhers Gud, Israels Gud, hev vitra tenaren din um at du vil byggja meg eit hus. Difor hev eg, tenaren din, våga meg til å bera denne bøni fram for deg.
28Og no, Herre, Herre, du er Gud, og ordi dine lyt sannast, og du hev lova tenaren din denne lukka.Sal 33,4; 1 Kong 8,26
29So lat det no tekkjast deg å velsigna huset åt tenaren din, so det må stanna urugga for di åsyn til æveleg tid! For du, Herre, Herre, hev tala, og for di velsigning skuld kjem huset åt tenaren din til å vera velsigna i all æva.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.