1Son min! Gløym ikkje læra mi, og lat hjarta varveitsla bodi mine!Sal 119,11
2For langt liv og mange leveår og fred skal dei gjeva deg i rikt mål.5 Mos 8,1; 30,16
3Lat ikkje kjærleik og truskap vika frå deg, men bitt dei um halsen på deg, skriv dei på di hjartetavla!Ordt 7,3
4Då fær Gud og menneske godhug for deg og held deg for ein mann med god vit.Ordt 13,15
5Lit på Herren av heile ditt hjarta, og set ikkje lit til ditt vit!Sal 118,8-9
6Tenk på han på alle dine vegar! So jamnar han dine stigar.
7Ver ikkje vis i eigne augo, ottast Herren og vik frå det vonde!Jes 5,21; Rom 12,3.16
8Det vert til helsebot for holdet ditt og kveik for beini dine.
9Æra Herren med gåvor av eiga di og med fyrstegrøda av all di avling!2 Mos 23,19; 5 Mos 26,2-15
10Då vert dine løor rikleg fyllte, og druvesafti renn yver i persone dine.5 Mos 28,8
11Son min! Vanvyrd ikkje Herrens age, og ver ikkje utolug når han refser deg!Hebr 12,5
12For Herren agar den han elskar, som ein far agar den son han hev kjær.5 Mos 8,5; Ordt 13,24; Op 3,19
13Sæl den mann som hev funne visdom, den mann som vinn seg vit!
14For det er betre å råda seg visdom enn sylv, og den vinning han gjev, er betre enn gull.Ordt 8,10-11.19; Job 28,13-22
15Dyrare er han enn perlor, av alle dine skattar er ingen som han.
16Langt liv hev han i høgre handi, i vinstre rikdom og æra.Ordt 3,2.8.35
17Hans vegar er hugnads-vegar, og alle hans stigar fører til lukka.
18Han er eit livsens tre for dei som grip han, og alle som held han fast, lyt ein prisa sæle.
19Herren grunnfeste jordi med visdom; han bygde himmelen med vit.Ordt 8,29-31; Sal 33,6-9
20Ved hans kunnskap fossa vatnet or djupi, og frå skyene dryp det dogg.
21Son min! Slepp ikkje augo av dei, tak vare på visdom og klokskap!
22So skal dei vera liv for sjeli di og prydnad um halsen din.
23Då vandrar du trygt din veg og støyter ikkje din fot.Sal 91,12
24Når du legg deg, ottast du ikkje, og når du hev lagt deg, søv du so godt.Sal 3,6; 4,9
25Då tarv du ikkje ottast for bråstøkk, eller for uveret når det kjem yver dei ugudlege.Sal 91,5-6; 112,7-10
26For Herren skal vera di tiltru, og han skal vara din fot frå snara.
27Neitta ingen di hjelp som treng um henne, når det stend i di makt å hjelpa.
28Seg ikkje til næsten din: Gakk din veg og kom att, eg skal gjeva deg i morgon - når du kann gjera det straks.Jak 2,16
29Legg ikkje upp meinråder mot næsten din, når han kjenner seg trygg hjå deg!
30Tretta ikkje med nokon utan grunn, når han ikkje hev gjort deg noko vondt!
31Ovunda ikkje ein valdsmann, og vel ikkje nokon av alle hans vegar!
32For den falske er ein styggedom for Herren, men med dei ærlege hev han samlag.Sal 25,14
33Herrens forbanning er yver huset åt den gudlause, men heimen åt dei rettferdige velsignar han.3 Mos 26,3-4.14-16
34Gjeld det spottarar, so spottar han, men dei audmjuke gjev han nåde.Jak 4,6; 1 Pet 5,5
35Vismenner erver æra, men dårer fær skam til løn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.