Domarane 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Israel gjer atter det som er Herren imot; difor fær midianitane makt yver dei, og ein profet refser dei, 1-10. Herrens engel kallar Gideon til å berga Israel; Gideon tek imot kallet, som gjev han vissa um at det er Herrens engel som hev kalla han, 11-24. Etter Herrens bod riv han ned Ba'als-altaret og fær difor namnet Jerubba'al, 25-32. Han bur seg til strid mot Israels fiendar og vert styrkt att med eit teikn frå Herren, 33-40.

1Men Israels-borni gjorde det som var Herren imot. Då gav han dei i hendene på midianitane.

33No hadde alle midianitane og amalekitane og austmennene samla seg i hop, og dei for yver Jordan og lægra seg på Jisre'eldalen.

34Då kom Herrens Ande yver Gideon; han bles i luren, og Abieser-ætti samla seg og fylgde han.1 Krøn 12,18; 2 Krøn 24,20; Luk 24,49

35So sende han bod ut i heile Manassefylket, og dei samla seg og, og fylgde han. Og til Aser og Sebulon og Naftali sende han bod; og dei for til møtes med Manasse-mennene.

36Og Gideon sa til Gud: Er det so at du vil frelsa Israel ved mi hand, som du hev sagt,

37so høyr meg: No legg eg denne avklypte ulli på treskjestaden; kjem det so dogg berre på ulli og heile marki er turr, då veit eg at du vil berga Israel ved mi hand, som du hev sagt.

38Og soleis vart det. For då han andre morgonen reis upp og klemde i hop ulli, vreid han utor henne so mykje dogg at det vart ei heil skål full med vatn.

39Då sa Gideon til Gud: Ver ikkje vond på meg um eg talar endå ein gong! Eg vilde so gjerne få gjera ei prøve til med ulli! Kjære, lat ulli vera turr medan heile marki er dogga!1 Mos 18,30

40Og natti etter gjorde Gud som han bad: Ulli heldt seg turr, men heile marki var dogga.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help