1I det attande styringsåret åt Jeroboam Nebatsson vart Abia konge yver Judariket.
11Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort.1 Kong 15,3; 2 Krøn 14,2-8
12Han dreiv skjøkjesveinane ut or landet og fekk burt alle dei ufyselege avgudane som federne hans hadde laga.1 Kong 14,24; 22,47
13Han tok jamvel dronningrangen frå Ma'aka, mor si, for di ho hadde gjort eit grysjeleg avgudsbilete for Astarte. Dette grysjelege biletet hennar hogg han ned og brende det upp i Kidronsdalen.2 Krøn 15,16-19
14Men offerhaugane vart ikkje nedlagde; like vel var hjarta åt Asa heilt med Herren so lenge han levde.1 Kong 22,44; 2 Kong 12,3
15Dei gåvone som far hans hadde helga Herren, og dei han sjølv hadde helga, flutte han inn i Herrens hus, både sylv og gull og andre ting.
16Millom Asa og Basea, kongen i Israelsriket, var det ufred so lenge dei levde.
17Basea, Israels-kongen, gjorde ei herferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, so ingen skulde fara frå eller til Asa, Juda-kongen.2 Krøn 16,1-6
18Då tok Asa fram alt sylv og gull som var att i skattkammeri i Herrens hus, og like eins skattane i kongsgarden; han gav dei i hendene på mennene sine og sende dei til Benhadad, kongen i Syria, som budde i Damaskus og var son åt Tabrimmon og soneson åt Hesjon; bodet dei skulde bera fram, var so:2 Kong 12,18; 16,8; 18,15
19Du veit det er eit samband millom meg og deg, som det var millom far min og far din. Her sender eg deg noko sylv og gull i gåva. Brjot no sambandet ditt Basea, Israels-kongen, so han lyt hava seg burt ifrå meg.
20Benhadad gjorde som Asa bad han; han sende herhovdingane sine mot Israelsbyane og hertok Ijon og Dan og Abel-Bet-Ma'aka og heile Kinneret, attåt alt Naftalilandet.2 Kong 15,29
21Då Basea fekk bod um det, heldt han upp med å byggja festningsverk i Rama og gav seg til i Tirsa.
22Men kong Asa baud ut heile Juda-lyden - ingen vart friteken - og dei førde burt steinane og timberet som Basea hadde nytta til festningsarbeidet i Rama; med det bygde so Asa festningsverk i Geba i Benjaminsfylket og i Mispa.
23Det som meir er å segja um Asa, um alle storverki hans og alt det han elles gjorde, og um byane han bygde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane. Men på sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene.2 Krøn 16,12-14
24So for Asa til federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far sin, og Josafat, son hans, vart konge etter han.2 Krøn 17,1
25I andre året av Asas kongedømme i Judariket vart Nadab, son åt Jeroboam, konge i Israel, og han rådde for Israelsriket i tvo år.
26Han gjorde det som Herren mislika; og fylgde vegen åt far sin og heldt fram med same syndi som far hans hadde gjort og fenge Israel til å gjera.1 Kong 14,16
27Men Basea Akiason av Issakars-ætti, fekk til ei samansverjing imot han og slo han i hel burtmed Gibbeton, ein by som høyrde filistarane til - Nadab og heile Israels-heren låg då der burte og hadde kringsett byen.
28Det var i tridje året av Asas kongedøme i Judariket at Basea drap Nadab og so vart konge i staden hans.
29Då han var vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams hus; han sparte ikkje eit einaste liv i kongsætti, men rudde dei heiltupp ut. Då vart det sanna det ordet som Herren hadde havt Akia frå Silo, tenaren sin, til å tala.1 Kong 14,10-20
30Dette hende for dei syndene skuld som Jeroboam hadde gjort og fenge Israel til å gjera, og for di han hadde harma Herren, Israels Gud.
31Det som meir er å segja um Nadab og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
32Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei levde.
33I det tridje året av Asas kongedøme i Judariket, vart Basea, son åt Akia, konge yver heile Israel i Tirsa og det var han fire og i tjuge år.
34Han gjorde det som Herren mislika, og heldt fram i same leidi som Jeroboam og med same syndi som han hadde gjort og fenge Israel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.