2. Samuelsbok 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Heile Israel tek David til konge, etter han hev styrt i Hebron i sju og eit halvt år, 1-5. David tek Sion og set seg til der; Herren er med han; Hiram sender han sedertre til å byggja eit hus av; David fær fleire søner, 6-16. Han vinn yver filistarane tvo gonger, 17-25.

1So kom alle Israels-ættene til David i Hebron og sa: Her er me; me er same folket, me og du.

21Der let dei etter seg gudebileti sine, og David og mennene hans tok dei med seg.1 Sam 4,11; 31,9

22Men filistarane drog ut att endå og spreidde seg på nytt lag utyver Refa'imsdalen.

23So spurde David Herren; men han sa: Du skal ikkje draga dit upp; gakk utanikring so du kjem bak på dei, og gyv so på dei midt for baka-trei!

24Når du høyrer ljoden av steg i toppane på baka-trei, då lyt du skunda deg! For då hev Herren drege ut framfyre deg og vil slå filistarheren.

25So gjorde David som Herren hadde sagt; og han slo filistarane og elte dei frå Geba til burtimot Geser.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help