1Då Salomo hadde enda bøni si, for det eld ned frå himmelen og øydde brennofferet og slaktofferi, og Herrens herlegdom fyllte huset.
7So helga Salomo midluten av fyregarden framanfor Herrens hus; for der bar han fram brennofferi og feittstykki av takksofferi, av di koparaltaret som Salomo hadde gjort, ikkje kunde røma brennofferet og matofferi og feittstykki.
9Åttande dagen heldt dei ei heilag samlingshøgtid; for sju dagar høgtida dei altarvigsla og sju dagar helgi.3 Mos 23,36
10Tri og tjugande dagen i den sjuande månaden let han folket fara heim att, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David og Salomo og mot Israel, folket sitt.
11No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongshuset; og alt det han hadde fenge hug til å gjera i Herrens hus og i sitt eige hus, hadde han ført vel til ende.1 Kong 9,1-9
12Då synte Herren seg for han ei natt og sa til han: Eg hev høyrt bøni di og valt meg denne staden til ein offerstad.2 Krøn 6,20
13Når eg stengjer att himmelen, so det ikkje kjem regn, eller byd engsprettor snøyda landet, eller når eg sender ei drepsott inn ibland folket mitt,
14og folket mitt, som heiter etter meg, då gjer seg mjuke og bed og søkjer mi åsyn og vender um frå dei vonde vegane sine, so vil eg høyra det i himmelen og tilgjeva syndi deira og lækja landet deira.
15No skal augo mine vera opne og øyro mine høyrsame for den bøni som vert bedi på denne staden.
16So hev eg no valt ut dette huset og helga det, so namnet mitt skal bu der i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar.
17Ferdast du no for mi åsyn, som David, far din, gjorde - gjer du alt eg hev sagt deg, og held du bodi og lovene mine,
18so skal eg tryggja kongsstolen din, etter den pakti eg gjorde med David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å råda yver Israel.2 Sam 7,12; 1 Kong 2,4
19Men vender de dykk burt - vanvyrder de dei lovene og bodi som eg hev lagt fyre dykk, og gjev de dykk til å dyrka andre gudar og tilbeda dei,
20so vil eg rykkja dei upp or det landet eg hev gjeve dei, og dette huset som eg hev helga for namnet mitt, vil eg føykja burt ifrå mi åsyn og gjera det til eit ordtøke og ei spott millom alle folk.5 Mos 4,26; 30,18; Jos 23,16
21Kven som gjeng framum dette huset, som var so høgreist, skal fæla; og når nokon spør kvifor Herren hev fare so med dette landet og dette huset,Jer 22,8
22so skal folk svara: For di dei vende seg frå Herren, sin fedre-Gud, han som førde dei ut or Egyptarland, og heldt seg til andre gudar og tilbad dei og dyrka dei, difor hev han ført all denne ulukka yver dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.