Jesaja 42 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Til forkynningi um den sigerrike kongen (Kyros) vert knytt ei skildring av Herrens tenar, Messias: Budd med Herrens Ande skal han i audmykt og spaklynde, i miskunnsam kjærleik og med ei kraft som aldri tryt, læra folki sann otte for Gud; av di Herren vil verna um si æra som den sanne Gud, skal han gjera pakt med Israel ved han og setja han til eit ljos for heidningane, 1-9. Heile jordi vert uppmoda til å prisa Herren, som lenge hev halde seg i ro, men no vil draga ut mot fiendane sine, leggja landet deira i øyde, løysa ut dei som er åndeleg blinde, og gjera avgudsdyrkarane til skammar, 10-17. Israel er eit åndeleg blindt og dauvt folk; berre for sin eigen truskap skuld vil Herren bruka Israel til å herleggjera den openberringi han hev gjeve det, 18-21. Ved sin trass hev det sjølv valda seg den ulukka det er kome i, 22-25.
1Sjå min tenar, som eg styd, min utvalde som mi sjel hev hugnad i! Eg legg min Ande på han, rett skal han føra ut til heidningfolki.
2Han skal ikkje skrika og ikkje ropa, og han skal ikkje bruka mælet på gata.
3Den brotne røyri skal han ikkje knasa, rjukande veiken skal han ikkje sløkkja; på rette måten skal han bera retten ut til dei.
12Dei skal gjeva Herren æra og forkynna hans pris på øyane.
20Mangt hev du set, men du gøymer det ikkje; han hev opne øyro, men høyrer ikkje.