Jeremia 48 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jeremias spår mot Moab-folket at landet deira snart skal verta heiltupp øydelagt. Moab hev til no levt i ro og fred, men snart skal det verta annarleis, og som det hev spotta Israel, då dei førde det burt, soleis skal folk no spotta Moab, 1-28. For sitt ovmod skuld skal det ganga til grunns; men i dei siste dagar vil Herren reisa det upp att, 29-47.

1Um Moab. So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Usæla yver Nebo, for det er øydt; Kirjata'im hev vorti til skammar, det er teke; borgi hev vorte til skammar og er livskræmd.

34Ein høyrer naudrop frå Hesbon og alt til El'ale, ja alt til Jahas, frå Soar til Horona'im, triæringskviga; for jamvel Nimrimvatni vert til øydemarker.

41Byane vert tekne, borgene storma, og kjempone i Moab vert den dagen til mods som ei kvinna i barnsnaud.

42Moab vert øydelagd, so han ikkje lenger er eit folk, av di han hev ovmoda seg mot Herren.

43Gru og grav og garn yver deg, du som bur i Moab, segjer Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help