Jeremia 40 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Nebusaradan sannar for Jeremias at det som hev hendt jødefolket, er ei uppfylling av Herrens ord og ei straff for deira ulydnad mot han; han let profeten velja um han vil fara med dei til Babel eller vera i landet, og let han so fara til Gedalja i Mispa, som Nebukadnesar hev sett yver landet, 1-6. Herhovdingane og sume av folket slær seg i lag med Gedalja, som manar dei til å tena Babel-kongen, 7-12. Johanan og andre åtvarar Gedalja mot Ismael; dei segjer han vil drepa han; men Gedalja trur ikkje på det, 13-16.

1Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren etter at Nebusaradan, hovdingen yver livvakti, hadde slept han laus frå Rama - han henta han medan han var bunden med lekkjor i lag med alle fangane frå Jerusalem og Juda som vart burtførde til Babel.

2Hovdingen for livvakti henta Jeremias og sa til han: Herren din Gud hev varsla denne ulukka yver denne staden.

3Og Herren let det koma og gjorde som han hadde varsla; for de hadde synda mot Herren og ikkje lydt røysti hans, og so råka dette dykk.

4Og sjå, no hev eg løyst lekkjone av hendene dine i dag. Um du so synest, kann du vera med meg til Babel, so skal eg sjå til med deg. Men er du ikkje huga på å vera med meg til Babel, so lat vera. Sjå, du hev heile landet fyre deg; kvar du synest godt og rett å ganga, dit kann du ganga.

5Men då han endå ikkje snudde seg til nokon kant, sa han: So far attende til Gedalja, son åt Akikam Safansson, som Babel-kongen hev sett yver Judabyane, og ver hjå han i lag med folket, eller gakk kvar du synest det er rett å ganga! Og hovdingen for livvakti gav han nistemat og gåvor og let han fara.

6Og Jeremias for til Gedalja Akikamsson i Mispa og var hjå han i lag med det folket som var att i landet.

7Då so alle herhovdingane, som var ute i bygdene, dei og mennene deira, spurde at Babel-kongen hadde sett Gedalja Akikamsson til å styra landet og gjeve han tilsynet med menner og kvinnor og born og dei av ålmugen i landet som ikkje var burtførde til Babel,

8so kom dei til Gedalja i Mispa, både Ismael Netanjason og Johanan og Jonatan, sønene til Kareah, og Seraja Tanhumetsson og sønene åt Ofai frå Netofa og Jesanja, ma'akatitsonen, og mennene deira med dei.

9Og Gedalja, son åt Akikam Safansson, gjorde dei og mennene deira eiden sin og sa: Ver ikkje redde å tena kaldearane! Ver i landet og ten Babel-kongen, so skal det ganga dykk vel!2 Kong 25,24

10Sjå, eg vert buande i Mispa, so eg kann taka imot dei kaldearar som kjem til oss, men de lyt samla vin og frukt og olje og leggja det i kjeraldi dykkar, og de lyt vera i byane dykkar, som de hev teke til eiga.

11Alle jødane som var i Moab og hjå Ammons-borni og i Edom, og dei som var i alle andre land, frette og at Babel-kongen hadde late nokre av jødane vera att i Juda, og at han hadde sett Gedalja son åt Akikam Safansson, yver dei.

12Alle dei jødane for då heim att frå alle stadene som dei var drivne burt til, og kom til Judalandet, til Gedalja i Mispa, og dei samla vin og frukt i store mengder.

13Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingane, som var ute i bygdene, kom til Gedalja i Mispa

14og sa til han: Veit du at Ba'alis, kongen yver Ammons-borni, hev sendt Ismael Netanjason til å slå deg i hel? Men Gedalja Akikamsson trudde dei ikkje.

15Då sa Johanan Kareahsson i løynd til Gedalja i Mispa: Lat meg ganga og drepa Ismael Netanjason! Ingen skal få vita det. Kvifor skal han slå deg i hel, og heile Juda, som hev samla seg um deg, vert spreidt, og leivningen av Juda verta tynt?2 Sam 16,9

16Men Gedalja Akikamsson sa til Johanan Kareahsson: Gjer ikkje det! For det er lygn det du segjer um Ismael.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help