2. Samuelsbok 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David fer til Hebron og vert salva til konge yver Judea, 1-4; han rosar Jabes-buane for di dei hev vore trugne mot Saul, 5-7. Abner gjer Isboset til konge yver Israel, 8-11. Abner byd David ufred, men David vinn; Abner drep Asael, bror åt Joab, 12-23. Umsider tek striden ende, og båe partane fer heim att; Asael vert gravlagd i Betlehem, 24-32.

1Sidan spurde David Herren: Skal eg fara upp til ein av byane i Judalandet? Og Herren svara: Ja. So spurde David: Kvar skal eg taka vegen? Og Herren svara: Til Hebron.

17Det vart ein ovhard strid den dagen, og Abner og Israels-mennene tapte for sveinane åt David.

18Dei tri Seruja-sønene, Joab og Abisai og Asael, var og med der. Asael var lettføtt som ei hind i heidi;

28So bles Joab i luren, og alle folki hans stana; dei elte ikkje Israels-mennene lenger og heldt ikkje fram med striden.

29Abner og mennene hans gjekk gjenom moane heile natti; so sette dei yver Jordan og for gjenom heile Bitron og kom til Mahana'im.

30Då Joab hadde halde upp å elta Abner, samla han alle folki sine. Då vanta det nittan mann av Davids-sveinane umfram Asael.

31Men Davids-sveinane hadde av Benjamins-ætti og millom Abners folk felt tri hundrad og seksti mann.

32Dei tok Asael med seg og sette han ned i gravi åt far hans i Betlehem. Heile natti gjekk dei, Joab og mennene hans, og kom til Hebron i dagrenningi.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help