1Ein salme av David; til minne.
2Herre, refs meg ikkje i din vreide, og tukta meg ikkje i din harm!Sal 6,2
3For dine piler hev råma meg, og di hand hev falle tungt på meg.Job 6,4; Sal 32,4
4Det finst inkje friskt i mitt kjøt for din vreide skuld, det er ingen fred i mine bein for mi synd skuld.
5For mine misgjerningar stig meg yver hovudet, som ei tung byrd er dei meg for tunge.Sal 40,13; Klag 1,14
6Det tevjar av mine sår, dei renn av verk for min dårskap skuld.
7Eg er krøkt, reint samanbøygd, heile dagen gjeng eg syrgjeklædd.
8For mine lender er fulle av brand, og det finst inkje frisk i mitt kjøt.
9Eg er valen og reint sundslegen, eg skrik høgt av hjartestynjing.
10Herre, for di åsyn er alt mitt ynske, og min sukk er ikkje løynd for deg.
11Mitt hjarta slær hardt, mi kraft hev forlate meg, og jamvel mine augo hev mist sitt ljos for meg.
12Mine vener og frendar held seg undan frå mi plaga, og mine næmaste stend langt burte.Job 19,13-14; Sal 31,12; 69,9
13Dei som stend meg etter livet, legg ut snaror, og dei som søkjer mi ulukka, talar um undergang, og på svik tenkjer dei heile dagen.
14Og eg er som ein dauv, eg høyrer ikkje, og liksom ein mållaus, som ikkje let upp sin munn.Jes 53,7
15Ja, eg er som ein mann som ikkje høyrer, og som ikkje hev motmæle i sin munn.
16For til deg, Herre, stend mi von; du vil svara, Herre min Gud!
17For eg segjer: Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vert ustød, høgmodast dei yver meg.
18For eg er nær på å falla, og min hugverk er stendigt framfor meg.
19For eg lyt sanna mi misgjerning, eg syrgjer yver mi synd.
20Og mine fiendar lever, dei er mannsterke, og dei er mange som hatar meg utan årsak
21Og dei som løner godt med vondt, stend meg imot, av di eg fer etter det gode.
22Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ver ikkje langt ifrå meg!Sal 22,12
23Skunda deg og hjelp meg, Herre, mi frelsa!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.