Salmane 107 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Songaren uppmodar fyrst Israel til å lova og takka Herren for di han hev berga dei or fiendevald og ført dei heim att til landet deira, 1-3; so skildrar han med ymse bilete naudi dei var i, og frelsa frå den, med di han stendigt tek upp att same uppmodingi; dei likjest svoltne folk som flakka ikring i øydemarki, men no hev fenge ein by til å bu i, 4-9, fangar som er løyste, 10-16, daudsjuke som er lækte, 17-22, folk som hev vore kasta ikring på havet, men no er komne i hamn, 23-32. Fiendane deira er tynte, men sjølve hev dei vorte rikleg velsigna til gleda for dei rettferdige og til audmykjing for alle ugudlege, 33-42. Han sluttar med ei maning til å akta på Herrens store nåde, 43.
1Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg.
36Og han let dei svoltne bu der, og dei bygde ein by til å bu i.
37Og dei sådde åkrar og planta vinhagar, og dei fekk den grøda dei bar.