Forkynnaren 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Preikaren, som hev set so mykje vald i verdi, prisar dei avlidne sæle framfor dei levande, og dei ufødde sæle framfor dei båe, 1-3; dei kappfuse vert ikkje meir lukkelege enn yrkelause dårar; litt ro er betre enn stendig møda og gagnlaust arbeid, 4-6; ulukkeleg er den i livet som stend einsleg i verdi og endå aldri fær nok; betre tvo enn ein, 7-12; kongar og lyt røyna livsens fåfengd, for kjærleiken åt undersåttar er umskifteleg, 13-16. Preikaren manar til ålvorleg gudsdyrking, 17.

1Framleides såg eg på alle dei valdsverk som vert gjorde under soli; eg såg at dei som vart trælka, gret, og ingen trøysta dei; eg såg at valdsmennene bruka makt mot dei, og ingen trøysta dei.

15Eg såg alle levande som ferdast under soli, fylgja med ungdomen, han den nye, som skulde koma i staden for den gamle.

16Det var ingen ende på alt det folket han var førar for. Like vel hev dei ingi gleda av han, dei som sidan kom; for dette og er fåfengd og jag etter vind.

17Akta foten din når du gjeng til Guds hus! Det er betre at ein kjem dit og vil høyra, enn at dårar ber fram offer; for dei veit ikkje at dei gjer vondt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help