1Då sa Bileam til Balak: Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju uksar og sju verar!
2Balak gjorde som Bileam sa, og Balak og Bileam ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.
3So sa Bileam til Balak: Statt her innmed brennofferet ditt medan eg gjeng burt eit bel; kann henda Herren kjem til møtes med meg; kva han då let meg sjå, det skal eg segja med deg. So gjekk han upp på ei treberr høgd;
4der kom Gud til møtes med han, og Bileam sa til han: No hev eg stelt til sju altar og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.
5Då la Herren eit ord i munnen på han og sa: Gakk attende til Balak og tale so som eg no hev lært deg.
6Då han kom attende, såg han Balak stod ved brennofferet sitt saman med alle Moabs hovdingar.
7Då tok han til å kveda og sa: Or Aram Balak hit meg hentar, or austerfjelli Moab-kongen: Kom og banna Jakob for meg! Kom og lys vondt yver Israel!5 Mos 23,4
8Korleis kann eg banna den som ikkje Gud bannar? Korleis kann eg lysa vondt yver den som Herren ikkje lyser vondt yver?
9For frå høgste nuten ser eg han, og frå haugane skoder eg han: Sjå det er eit folk som bur for seg sjølv, og millom heidningfolki reknar det seg ikkje.4 Mos 23,3; 5 Mos 4,34
10Kven kann upprekna Jakobs ætt, tallaus som dusti, eller telja fjordeparten av Israel? Gjev eg fekk døy som desse gode og enda ferdi so som dei!1 Mos 13,16; 28,14; Sal 37,37
11Då sa Balak til Bileam: Kva er det du gjer? Til å banna fiendane mine fekk eg deg hit, og so hev du velsigna dei!
12Bileam svara: Lyt eg ikkje halda meg etter dei ordi som Herren legg meg i munnen?4 Mos 22,38
13Då sa Balak: Kjære, kom og ver med meg til ein annan stad, som du kann sjå dei frå - men du kjem berre til å få sjå enden av lægret; heile lægret fær du ikkje sjå - og banna dei for meg der!
14So tok han Bileam med seg til speiarhaugen på toppen av Pisga; der bygde han sju altar og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.4 Mos 21,20
15Og Bileam sa til Balak: Statt her innmed brennofferet ditt; eg vil ganga der burt og sjå um eg fær ei openberring.
16So kom Herren til møtes med Bileam og la eit ord i munnen hans og sa: So skal du tala når du kjem attende til Balak!
17Då han kom attende, stod Balak endå ved brennofferet og Moabs hovdingar med han; og Balak spurde: Kva sa Herren?
18Då tok Bileam til å kveda og sa: Statt upp, Balak, og høyr! Lyd på meg du son åt Sippor!
19Gud er ikkje eit menneske, so han skulde ljuga, eller eit mannebarn, so han skulde angra; skulde han segja noko og ikkje gjera det, skulde han tala og ikkje setja det i verk?1 Sam 15,29; Sal 33,4; Jes 45,23; Tit 1,2
20Velsigning sende han; hev han velsigna, so kann eg ikkje venda det.
21Ikkje skodar han urett i Jakob, og ikkje ser han urett i Israel; Herren hans Gud er med han, og kongejubel høyrest der.
22Gud førde dei ut or Egyptarland; styrke hev dei som ein villukse.4 Mos 24,8-14
23For ikkje finst det trolldom i Jakob, og ikkje spådomskunster i Israel; når stundi er der, vert det sagt til Jakob og til Israel kva Gud vil gjera.5 Mos 18,14-19
24Sjå - eit folk som ris som ei løvemor, lyfter seg til sprang som ei løva; det legg seg ikkje fyrr det hev metta seg med rov og drukke blod av dei det drap.1 Mos 49,9
25Då sa Balak til Bileam: Du skal ikkje banna dei eller velsigna dei!
26Bileam svara: Hev eg ikkje sagt deg at eg i eitt og alt lyt gjera som Herren segjer?4 Mos 22,38
27Då sa Balak: Kjære, kom, so skal eg fylgja deg til ein annan stad; kann henda Gud ikkje hev noko imot at du bannar dei for meg der.
28So tok han Bileam med seg upp på toppen av Peorfjellet, der ein ser utyver øydemarki.
29Då sa Bileam til han: Bygg sju altar for meg her og få meg hit sju uksar og sju verar!
30Og Balak gjorde som Bileam sa, og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.