Salmane 77 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Songaren talar i namnet åt Israels-folket og segjer at det vil kalla på Gud med fast tillit, 2. I si store naud vert det freista av tvil um Guds nåde, 3-10; men med di det fær den tanken at det er Herren som hev sendt lidingane, so det lyt bera dei so lenge dei varer, søkjer det trøyst i dei store nådegjerningane som Herren i farne tider hev gjort imot dei, 11-21.

1Til songmeisteren, for Jedutun; av Asaf; ein salme. /

2Eg ropar til Gud, og eg vil skrika; eg ropar til Gud, og han vil venda øyra til meg.

3Den dagen eg er i naud, søkjer eg Herren; um natti retter eg ut handi, og ho vert ikkje trøytt, mi sjel vil ikkje lata seg trøysta.

4Eg vil koma Gud i hug og sukka; eg vil tenkja etter, og mi ånd ormektast. Sela.

5Du held augo mine opne i nattevaktene; eg er uroleg og talar ikkje.

6Eg tenkjer på fordoms dagar, på lengst framfarne år.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help