Salmane 79 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Songaren skildrar korleis Israels-landet er teke av fiendar, templet vanhelga, Jerusalem lagt i grus og Guds tenarar drepne, so Israel hev vorte til spott for fiendane sine, 1-4. Han bed Gud miskunna folket sitt, som er i ovstor naud, forlata dei syndene åt federne og deira eigne synder for sitt herlege namn skuld, det som grannefolki hæder, og lata vreiden sin ganga yver frå folket til dei ugudlege fiendane, 5-12. Når det hender, skal folket prisa han til æveleg tid, 13.

1Ei salme av Asaf. / Gud, heidningar er komen inn i arven din, dei hev gjort Jerusalem til grushaugar.Sal 74,4-9

2Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føde for fuglane i lufti, kjøtet av dine heilage til villdyri.

3Dei hev rent ut deira blod som vatn kringum Jerusalem, og det var ingen som jorda dei.

4Me hev vorte til hæding for våre grannar, til spott og spe for dei som bur ikring oss.Sal 44,14; 89,42

5Kor lenge, Herre, vil du æveleg vera vreid? Kor lenge skal din brennhug loga som eld?Sal 85,6

6Renn din harme ut yver heidningane, som ikkje kjenner deg, og yver dei kongerike som ikkje kallar på ditt namn!Jer 10,25

7For dei hev ete upp Jakob, og hans bustad hev dei lagt øyde.

8Tilrekna oss ikkje misgjerningane åt våre forfeder! Lat di miskunn snart koma imot oss, for me er ovleg utmødde!Jes 64,8

9Hjelp oss, du vår Frelse-Gud, for ditt namns æra skuld, og berga oss og forlat oss våre synder for ditt namn skuld!

10Kvifor skal heidningane segja: Kvar er deira Gud? Lat det for våre augo verta kjent millom heidningane at det kjem hemn yver det utrende blodet av dine tenarar!Sal 115,2; 2 Mos 32,12; Joel 2,17; 5 Mos 32,43

11Lat sukken frå den bundne koma for di åsyn! Spar daudens born, so sterk som armen din er!Sal 102,20-21

12Gjev våre grannar sjufald att i deira fang den spott som dei hev spotta deg med, Herre!

13Og me, ditt folk og den hjord du beiter, me vil lova deg æveleg; frå ætt til ætt vil me kunngjera din pris.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help