1Betre er ein turr brødmole med ro attåt enn huset fullt av slakt med tretta til.Ordt 15,16-17; 16,8
2Ein klok tenar fær råda yver ein uvisleg son, og millom brørne fær han lut i arven.
3Diglen røyner sylvet og omnen gullet; men den som røyner hjarto, det er Herren.Ordt 27,21
4Den vonde aktar på vondskapslippa; ljugaren lyder på tynings-tunga.
5Den som spottar den fatige, hæder skaparen hans; den som gleder seg yver ulukka, skal få si refsing.Ordt 14,31
6Ei kruna for dei gamle er barneborn, og ei pryda for borni er federne deira.Sal 128,6
7Det høver ikkje for dåren å tala store ord, enn mindre for gjævingen å ljuga.
8Gåva er ein glimestein for den som fær henne; kvar ho kjem, der fær ho framgang.
9Den som skyler misgjerd, søkjer kjærleik; men den som riv upp att ei sak, skil ven frå ven.Ordt 10,12; 16,28
10Vondord gjer meir på den vituge enn hundrad hogg på dåren.
11Den vonde vil ikkje anna enn upprør, men ein hard bodberar vert send imot han.
12Møt heller ei binna som hev mist sine ungar, enn ein dåre med dårskapen hans!
13Den som løner godt med vondt, frå hans hus skal ikkje ulukka vika.1 Tess 5,15; 1 Pet 3,9
14Å taka til med tretta er som å sleppa vatn ut; haldt difor upp med tretta, fyrr ho vert for strid!
15Den som frikjenner ein ugudleg, og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren.5 Mos 25,1; Jes 5,23
16Kva hjelper pengar i handi på dåren til å kjøpa visdom, når han ikkje hev vit?
17Venen elskar alltid, og bror vert fødd til hjelp i naud.
18Ein vitlaus mann er den som handtekst, som gjeng i borg hjå næsten sin.Ordt 6,1-5; 11,15
19Den som elskar tretta, elskar synd; den som byggjer døri si høg, søkjer fall for seg sjølv.Ordt 16,18; 18,12
20Den som hev eit rangt hjarta, vinn ikkje lukka, og den som hev ei falsk tunga, fell i ulukka.Ordt 11,20
21Den som hev eit narr til son, fær sorg av han; far åt ein dåre hev ingi gleda.Ordt 17,25; 15,20
22Gladværugt hjarta gjev god lækjedom, men nedslege mod syg mergen or beini.Ordt 15,13.15; 18,14
23Den ugudlege tek gåver ut or barmen og vil få rettargangen bøygd.5 Mos 16,19
24Den vituge hev visdomen for augo, men dåren hev augo ved heimsens ende.Fork 2,14
25Ein uvitug son er til gremme for far sin og til beisk sorg for henne som fekk han.Ordt 17,21; 19,13
26Det er 'kje godt at og rettferdig mann fær refsing; at gjæve folk fær slag, er tvert imot all rett.
27Den som er klok, han sparer på ordi, og ein vitug mann er kald i hugen.Ordt 10,19; Jak 1,19
28Når dåren tegjer, gjeng han og for vismann, og for ein vitug mann når han held munn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.