1So er lovi um skuldofferet: Det er høgheilagt.
2På same staden som dei slaktar brennofferet, skal dei slakta skuldofferet. Blodet skal dei skvetta rundt ikring på altaret,3 Mos 1,3.5; 6,18
3og alt feittet skal dei bera fram for Herren, både spælen og netja
4og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal skjerast utor i hop med nyro -3 Mos 3,4.10.15
5og presten skal brenna det på altaret til eit eldoffer åt Herren; det er eit skuldoffer.
6Alle menner som er prestar, må eta av det; på ein heilag stad skal det etast; det er høgheilagt.3 Mos 6,22
7Med skuldofferet skal det vera like eins som med syndofferet - det gjeld same lovi for båe; den presten som gjer soning med det, han skal hava det.3 Mos 6,18-23
8Når ein prest ofrar brennoffer for nokon, so skal den same presten hava hudi av offerdyret han hev bore fram.
9Og alle matoffer som vert baka i omn, eller som vert steikte i panna eller på takka, dei skal den presten hava som ber dei fram.3 Mos 2,4-10
10Men alle andre matoffer, anten dei er blanda med olje eller turre, skal høyra alle Arons-sønene til, den eine som den andre.3 Mos 2,1-10.14-16
11So er den lovi som gjeld når nokon kjem til Herren med eit takkoffer:3 Mos 3,1-5
12Er det til Guds lov og pris han ofrar det, so skal han attåt slaktofferet bera fram hellekakor med olje i og tunnbrødleivar som er smurde med olje, og fint mjøl som er blanda med olje og knoda til kakor.
13Det er dei offergåvone han skal bera fram attåt lov- og takkofferdyret, og umfram det skal han hava med seg syrte kakor.
14Av offergåvone skal han gjeva ei av kvart slag i reida åt Herren; det skal presten hava, han som skvetter blodet av takkofferet på altaret.
15Kjøtet av lov- og takkofferet lyt etast same dagen som det vert frambore; ingen må gøyma noko av det til morgons.
16Er slaktofferet eit lovnads-offer eller eit friviljugt offer, so skal det etast same dagen som det vert frambore; men det som vert att, kann etast dagen etter.3 Mos 19,5-8
17Men det som er att av offerkjøtet tridje dagen, skal brennast upp i elden.
18Dersom nokon et av takkofferkjøtet tridje dagen, so hev Herren ingen hugnad i offeret, og det vert ikkje rekna den til gode som bar det fram; det skal vera ein styggedom, og den som et av det, gjer ei misgjerning som han kjem til å lida for.
19Kjøt som kjem innåt noko ureint, må ikkje etast; det skal brennast upp i elden. Elles kann alle som er reine, eta av kjøtet. /
20Men den som et kjøt av Herrens takkoffer medan det er noko ureint på han, han skal rydjast ut or folket sitt.
21Og når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er slik ureinska som kann vera på folk, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og ufyse, og han so et av takkofferkjøtet åt Herren, so skal den mannen rydjast ut or folket sitt.3 Mos 11,4-47
22Og Herren tala til Moses og sa:
23Tala til Israels-borni og seg: De må aldri eta feitt, anten det er av ukse eller sau eller geit.3 Mos 3,17
24Feittet av sjølvdaude dyr og av dyr som er rivne i hel, kann de nytta til ymse ting; men eta det må de ikkje.3 Mos 22,8
25Er det nokon som et feittet av slikt bufe som dei tek til eldoffer åt Herren, so skal den som gjer det, rydjast ut or folket sitt.
26Og blod må de ikkje eta, anten av fugl eller fe, kvar de so bur.3 Mos 3,17
27Den som nokosinne et blod, han skal rydjast ut or folket sitt.
28Og Herren tala til Moses og sa:
29Tala til Israels-borni og seg: Den som vil bera fram eit takkeslaktoffer åt Herren, han skal sjølv koma med det han vil gjeva Herren av offeret sitt.
30Med sine eigne hender skal han bera fram Herrens eldoffer, både feittet og bringestykket skal han bera fram, og bringestykket skal svingast att og fram for Herrens åsyn.
31Og presten skal brenna feittet på altaret; men bringestykket skal Aron og sønene hans hava.
32Og det høgre låret skal de gjeva presten i reida av takkofferi dykkar.
33Den av Arons-sønene som ber fram takkofferblodet og feittet, han skal hava det høgre låret for sin lut;
34for svingebringa og lyftelåret av takkeofferi frå Israels-folket tek eg imot av dei og gjev det åt Aron, presten, og sønene hans; det skal i all æva vera retten deira av Israels-borni.
35Dette er den luten Aron og sønene hans skal hava av Herrens eldoffer, og som dei fær den dagen dei vert førde fram og skal gjera prestetenesta for Herren;2 Mos 29,27-28; 3 Mos 10,14-15
36Det var det Herren sa at Israels-borni skulde gjeve dei den dagen dei vert salva, og det skulde vera retten deira ætt etter ætt i all æva.
37Dette er lovi um brennofferet og um matofferet og um syndofferet og um skuldofferet og um vigsleofferet og um takkofferet,3 Mos 1,3-9; 6,2-6; 2,1-10; 6,7-16; 4,2-12; 6,18-23; 5,14-26; 8,28.33
38den som Herren kunngjorde for Moses på Sinaifjellet, den gongen han gav Israels-borni det bodet at dei skulde bera fram offeri sine for Herren i øydemarki kring Sinai.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.