1I den fyrste tidi som Sedekias, Josiasson var konge i Juda, kom dette ordet til Jeremias frå Herren:
2So sa Herren til meg: Gjer deg band og åk, og legg dei på nakken din!
3Send dei so til kongen i Edom og til kongen i Moab og til kongen yver Ammons-borni og til kongen i Tyrus og til kongen i Sidon med dei sendemennene som kjem til Jerusalem til Sedekias, Juda-kongen,
4og bed dei segja til herrane sine: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: So skal de segja til herrane dykkar:
5Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri på jordi med mi store kraft og min strake arm, og eg gjev henne til den eg tykkjer er den rette.
6Og no hev eg gjeve alle desse landi i hendene på Nebukadnesar, Babel-kongen, tenaren min; jamvel dyri på marki hev eg gjeve han, so dei kann tena han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.