Esekiel 22 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Med dei mange og store syndene sine hev Jerusalem valda sin undergang; for deira skuld skal det verta ei spott for all verdi, og dei som bur i byen, skal verta spreidde millom folki, 1-16. Israels-folket er heiltupp utskjemt og skal difor verta hardt straffa når Jerusalem vert kringsett, 17-22. Heile folket, profetane, prestane, fyrstane og ålmugen, er saka i store misgjerningar, og ingen hev freista å avvenda domen men forbøn. Difor skal Herren i sin vreide gjera ende på dei, 23-31.

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2Du menneskeson! Vil du døma, vil du døma blodbyen? Minn han um all styggedomen hans

10Hjå deg nækte dei fars blygsel; hjå deg skjemde dei kvende som var ureine i sine månadstider.

25Eit samansvore lag er profetane der; dei er som ei burande løva, som ranar og røvar; dei øyder manneliv, dei tek gods og eigneluter; dei gjer mange til enkjor der.Mi 3,11; Sef 3,3-7

26Prestane der gjer vald på mi lov og vanhelgar heilagdomane mine; heilagt og vanheilagt gjer dei ikkje skil på, og dei lærer ikkje å skilja frå einannan ureint og reint; for sabbatane mine legg dei att sine augo, og eg vert vanhelga midt ibland dei.

27Fyrstane der likjest vargar, som ranar og røvar; dei renner ut blod, dei tyner manneliv, so dei kann auka syndepengane sine.

28Profetane stryk på kalk åt dei; dei skodar fåfengd og spår lygn åt dei og segjer: So segjer Herren, Israels Gud - endå Herren ikkje hev tala.Esek 13,6.10; Jer 23,32

29Landslyden fer med valdsverk og ranar og røvar, armingen og fatigmannen er dei harde med, og mot den framande gjer dei valdsverk utan lov og rett.

30Eg leita millom dei etter ein mann som vilde mura upp ein mur og standa i gapet framfor mi åsyn til vern for landet, so eg ikkje skulde leggja det i øyde; men eg vann ingen.Esek 13,5; Sal 106,23

31So renner eg då ut min vreide yver dei; i min brennande harm gjer eg ende på dei; åtferdi deira let eg koma att på deira eige hovud, segjer Herren, Israels Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help